Lars Fylling orienterte om den økonomiske situasjonen til kommunen.
Øyvind Johan Heggstad
Førebels tal frå 2019 viser eit negativt netto driftsresultat i dei fem gamle kommunane på 126 millionar kroner. Det rekneskapsmessige meirforbruket er på 19 millionar kroner, og dette vert foreslått dekt av fondsmidlar som kommunen disponerer.
Prognosane for Ålesund kommune i 2020, er eit meirforbruk på løn på 122 millionar kroner.
Det er også knytt usikkerheit til meirforbruk på andre tenester.
Det vert ikkje lagt opp til auka budsjett, men stabssjef for økonomi- og verksemdstyring Lars Fylling opplyste at det er naudsynt med ei omfordeling av budsjettrammene for 2020.
I løpet av året vert det foreslått fleire budsjettrevisjonar i kommunen. Allereie i neste formannskapsmøte skal det leggast fram ei sak om budsjettrevisjon i kommunen.
Rådmannen har innført midlertidig tilsetjingstopp i kommunen frå og med 2. mars.