To ordførarar - kva skjer no?

Dei konstituerande møta i Haram og Ålesund er no over, og begge kommunane har fått ny ordførar og varaordførar. Men dei to nye kommunane trer ikkje i kraft før 1. januar 2024, og Eva Vinje Aurdal er framleis ordførar fram til 31. Desember 2023. Men korleis fungera dette?

mann og dame smilande - Klikk for stort bileteNyvald ordførar Håkon Lykkebø Strand og avtroppande ordførar Eva Vinje Aurdal Jon Åge Giske Andersen

Fram til nytt år vil Eva Vinje Aurdal vere fungerande ordførar. Dette er fordi noverande Ålesund kommune vert avvikla og erstatta av to nye kommunar ved nyttår. Dei nye ordførarane er valde for å leie desse nye kommunane , og det er derfor først ved nyttår dei kan ta over styringa. Dette betyr at Eva Vinje Aurdal vil leie det siste og avsluttande kommunestyre møtet 30. November for Ålesund kommune. Sjølv om Ålesund kommune 2024 ikkje er oppretta enda er det likevel nødvendig med nokre møte før nyttår og desse vert då leia av påtroppande ordførarar Håkon Lykkebø Strand for Ålesund og Vebjørn Krogsæter for Haram.

Kva vil det seie?

Sjølv om det er det noverande kommunestyret som skal sitte fram til nyttår, kan dei ikkje gjere vedtak som vil å påverke dei nye kommunane. Dei nye kommunestyra kan heller ikkje sette i gang vedtak på saker som gjeld før nyttår. I delingsforskrifta står det forklart: Kommunestyret i noverande Ålesund kommune sitt ansvar vert avgrensa til det som er nødvendig for å avslutte verksemda i noverande Ålesund kommune frå tidspunkta dei nyvalde kommunestyra i nye Ålesund og Haram kommune er konstituerte.  

For dei nyvalde ordførarane vil dette seie at deira funksjon vil vere avgrensa til å leie møta i formannskap og kommunestyre for dei nye kommunane fram mot nyttår, og å ivareta oppgåver som er knytt til førebuinga av dei nye kommunane som trer i kraft 1. januar 24.