Siste nytt

To nye smittetilfeller søndag

Illustrasjon av koronavirus - Klikk for stort bileteKoronavirus, shutterstockTil saman 16 er påvist smitta ved Vard Brattvaag. To av desse er busett i Ålesund. Dei er begge no i isolasjon.

Smittesituasjonen ved Vard Brattvaag

Vard Brattvaag fekk onsdag ettermiddag informasjon om at ein leverandør som hadde vore på jobboppdrag på verftet hadde testa positivt for covid-19. For å få ei raskast mogleg oversyn, valde VARD å mellombels stenge verftet og teste alle som har vore der siste veka. Testresultata viser no at det er totalt 16 personar som har fått påvist smitte, inklusive dei ni tilfella som tidlegare er rapportert.   

VARD har på eige initiativ testa alle tilsette, leverandørar og samarbeidspartnarar som har vore på verftet i perioden 21 – 28 april. Fredag formiddag vart 325 personar testa på verftet. Det vart òg tatt testar onsdag og torsdag, og ein del har testa seg i kommunen der dei er busette. Totalt er det rundt 360 personar med tilknyting til verftet som er testa.

Laurdag kveld viser testresultata at totalt 16 personar har fått påvist covid-19 i samband med utbrotet ved Vard Brattvaag. Ålesund kommune har tidlegare meldt om totalt 9 smittetilfeller, og testane tatt fredag har påvist 7 positive testar til.

  • 2 personar er busette i Ålesund kommune, og er i isolasjon der.
  • 2 personar er busette i andre kommunar i Møre og Romsdal. Den eine er i isolasjon i heimkommunen sin, den andre i Ålesund.
  • 1 person er busett på østlandet, og er i isolasjon der.
  • 11 tilreisande personar er i isolasjon på Trohaugen i Tomrefjord.

Alle som har testa positivt er kontakta, og det pågår smittesporing av nærkontaktar. Dei som blir definert som nærkontaktar vil bli kontakta.

Det er funne samanheng mellom dei fleste smittetilfellene, og smitten er relatert til to arbeidsområde. Det er så langt ukjent smittevei, og det er for tidleg å sei om utbrotet på verftet kan ha tilknyting til andre lokale utbrot eller til andre smittekjelder.

Dei som har vore på verftet i perioden, men som ikkje er definert som nærkontaktar bør framleis halda seg i ro, ha færrast mogleg nærkontaktar og ta ny test om dei får symptom.

Vi viser til eigen pressemelding frå Vard (PDF, 142 kB).

Til toppen