Siste nytt

Tiltak mot aggressive framande artar i Nedregården

 Ålesund kommune har sidan i haust arbeidd for å fjerne framande artar som spreier seg i friområdet Nedregården i Spjelkavika. No blir turvegen stengt medan platanlønn blir fjerna.

To personar avbilda med arbeidskle i det aktuelle området, Nedregården. Gartnar Per Helge Heltne bak og landskapsingeniør Linda Fiskerstrand Sperre foran. - Klikk for stort bileteGartnar Per Helge Heltne og landskapsingeniør Linda Fiskerstrand Sperre i friområdet Nedregården Ålesund kommune

Platanlønn er ein framand art som ikkje finst naturleg på staden. Dei fleste planteartar ein finn i hagar og andre grøntanlegg er framande. Mange av desse spreier seg ikkje aggressivt, medan mange andre gjer det. Dette er eit stort problem for naturmangfaldet vårt. 

I Nedregården er det mykje platanlønn som veks fort, blir store og spreier mykje frø. I tillegg er blada store og bladverket tett, slik at treet skuggelegger bakken effektivt. Plantanlønn er ein svært høg risiko for biologisk mangfald, og utkonkurrerer artar som høyrer til på staden. 

No skal kommunen nedkjempe aggressive framande artar på friområdet i Spjelkavika, seier landskapsingeniør ved veg, grønt og anlegg i Ålesund kommune, Linda Fiskerstrand Sperre:

-    På delar av turvegen langs den gamle kraftstasjonen har brukarane og kommunen lenge vore plaga med at området er vått og mørkt. Ein av grunnane er fullvaksne platanlønnetre som hindrar at lyset slepp til og tørkar opp bakken.

Trea står på rekke og rad på den andre sida av elva. På desse platanlønntrea blir no stammane hogd og så blir det ringbarka under. Ringbarkinga blir følgd opp med fjerning av skot som dannar seg ved såret og ved hogstflata. Ved å hindre at skot får vakse opp, vil treet forsøke å overleve ved å bruke meir energi frå energilageret i røtene. På sikt vil treet døy, og kommunen kan felle det. Metoden sparer arbeid og ein unngår stygg skog med mange skot frå stubbane som etter vanleg hogst.

-    Målet vårt var i utgangspunktet å rydde friområdet for aggressive framande artar, men vi ser at i dette området vil det å fjerne platanlønna også føre til at det blir mindre skugge og at underlaget tørkar opp meir, seier landskapsingeniøren. 

-    Nokre tre er allereie hogd ned, og dei som går der vil sjå rare stubbar stå igjen. Ein del tre er ikkje hogd enno fordi dei må løftast ut ved hjelp av kranbil når dei blir kappa, fortset ho.

Skogen bak platanlønna er oreskog og skal behaldas slik den er. Denne skogen er fin, lys og lett, og fin å leike i. 

-    Platanlønntrea som blir felte, må derfor løftast over elva. Kranbilen må kunne køyre inn turvegen, noko som ikkje er mogleg slik tilstanden på vegen er no. Kommunen vil utbetre den så snart snøen blir borte. Då vil resten av trea bli fjerna. 

Turvegen blir stengd når kranbilen fjernar trea, og turgåarar blir oppmoda om å gå avstikkaren over haugen mellom Elvebakken og Brødrene Sunde medan arbeidet pågår.

-    Vi håper at brukarane synes dette er eit fint tiltak og at arbeidet vi utfører vil gjere forholda betre, avsluttar landskapsingeniøren.

Til toppen