Tilstandsrapport for grunnskolane i Ålesund, Brusdalsvatnet og kommunedeling

Torsdag 19. oktober vert det nest siste møte i det noverande kommunestyre i Ålesund halde. På sakslista står blant anna tilstandsrapport for skoleåret 2022-2023 i grunnskolane i Ålesund, Fargespill og kommunedeling. Møtet vert sendt direkte på Kommune-TV.

To personer ser mot skjerm ved møtepult - Klikk for stort bileteMøte i kommunestyre Jon Åge Giske Andersen

 

Tilstandsrapport for grunnskolane i Ålesund 

Ålesund kommune vil legge fram tilstandsrapport for skoleåret 2022-2023. Det er fastsett i opplæringslova at ein del av oppfølgingsansvaret til kommunen er å følge opp resultata frå dei nasjonale kvalitetsvurderingane som departementet gjennomfører. Den årlege tilstandsrapporten er ei del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet til kommunen, og er ein del av kvalitetsvurderingssystemet til kommunen.  

I tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet til utdanningsdirektoratet for 2023 blir det vist til målsetjingar for skoleeigarar: 

  • Skoleeigarar varetek utviklinga, læringa og trivselen til barna og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter 
  • Skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa barn og behovet til unge 
  • Skoleeigarar forstår, formidlar og etterlever regelverket 
  • Barnehageeigarar og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skulane sine og overfor lærebedrifter 
  • Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter utnyttar dei moglegheitene  digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar  

Forvalting av Brusdalsvatnet 

Det er utarbeida ein strategi for å sikre Brusdalsvatnet som ei trygg og god drikkevasskjelde for dei ca. 68 000 innbyggarane i dei tre kommunane Ålesund, Sula og Giske. Dette gjeld også fleire viktige samfunnsinstitusjonar som skule , sjukehus og næringsmiddelindustri.  

I følge denne strategien er forureining frå veg, særleg E39, framheve som ei stor fare. I regi av Statens vegvesen er det er per i dag eit løpande planarbeid for ein ferjefri E39/E136 mellom Ålesund og Molde, der ei utviding av den eksisterande vegen skal gå får to til fire felt frå Breivika til Digernes. Noko som utgjer Brusdalsvatnet som eit delstrekk i den nye reguleringsplanen.  

Kommunedirektøren si innstilling for saka er følgande:  

  1. Forvaltningsstrategien blir slik vedteken han er framlagd. 
  2. Kommunedirektøren har ansvaret for vidare internt arbeid med strategien i samsvar med strategidokumentet med vedlegg, under dette utarbeiding av prosedyrar for behandling av saker i tråd med strategien og for å nedsette nødvendige arbeidsgrupper. 
  3. Kommunedirektøren får mandat til å revidere strategien ut frå nye lover, forskrifter, arealplanar med meir.  
  4. Overordna mål i strategien blir innarbeidd i nye arealplanar som heilt eller delvis omfattar Brusdalsvatnet med nedbørsfelt. 

Kommunedeling 

Når den noverande Ålesund kommune vert oppløyst, og det blir danna to nye kommunar, er det mykje som må på plass før 1. januar 2024. Det skal fordelast arkivansvar og kostnadar til drift av arkiv mellom dei nye kommunane og den noverande kommunen.  

Når det gjeld å vareta betalingsplikter, arbeid med årsrekneskapen og årsmeldinga for 2023 for den noverande Ålesund kommune, har økonomisjef Lars Fylling kome med denne tilrådinga: 

  • Ålesund kommune skal vareta at betalingsplikter for noverande Ålesund kommune som ikkje er betalt innan 31. desember 2023, eller som kjem til frå 1. januar 2024, blir dekt.  
  • Kortsiktige fordringar som har opphavet sitt i noverande Ålesund kommune skal krevjast inn av, og bokførast i, Ålesund kommune. 
  • For andre krav og fordringar, skal utgangspunktet vere at betalingsplikta eller retten til betaling høyrer til den kommunen der kravet eller fordringa har opphavet sitt.  
  • Ålesund kommune skal utarbeide og leggje fram årsrekneskapane og gi årsmelding for 2023 til noverande Ålesund kommune etter kommunelova § 14-6 og § 14-7. 

Andre saker på sakslista: 

  • Fargespill Ålesund - årsrapport 2022/23, reforhandling av samarbeidsavtale  
  • Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, rullert handlingsprogram 2023  
  • Forlengelse av festeavtale med Ålesund Rideklubb  
  • Instruks for styret og justering av vedtekter - Ålesund kommunale eigedom KF  
  • ÅKE sin involvering i prosjekt om samlokalisering av tekniske tjenester  
  • Oppheving av Stiftelsen Ålesund Utleieboliger  
  • Oppløysing av stifting - Ellingsøy boligstiftelse for eldre  Ny organisasjonsmodell for Ålesundregionens havnevesen  
  • Vedtekter for Møre og Romsdal 110-Sentral Ålesund KF  
  • Oppheving av eldre reguleringsplanar og kommune(del)planar-delområde Haram  
  • The North West AS - overdragelse av kommunens aksjer i selskapet til Foreningen Framtidslaben  
  • Innføring av system for betre tverrfagleg tidleg innsats

Møtet startar kl 14.00 og opptaket ligg på Kommune-TV

Sjå saksliste og dokument til kommunestyret