Marit Brunstad / Sponland Foto
Denne gongen er det både mange og svært mangfoldige saker som er oppe til behandling. Frå kommunedeling, til SFO-satsar, til forvaltning av kommunale eigedomar.
Samarbeid om kulturskule
Som ein del av arbeidet med den føreståande kommunedelinga må det takast stilling til om dei to nye kommunane skal opprette eigne kulturskolar, eller om kulturskoletilbodet skal vere eit vertskommunesamarbeid der Ålesund kommune 2024 er vertskommune.
Kulturskoleverksemda er forankra i opplæringslova § 13-6:
«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.»
Saka har vore behandla av kommuneutvala for Ålesund og Haram, som begge ga si tilslutning til kommunedirektøren si innstilling; at kommunane skal inngå eit vertskommunesamarbeid.
NAV-saka til formannskapet
NAV Møre og Romsdal har kome med ny informasjon om verknadane av å opprette eigne NAV-tenester i dei to nye kommunane. Kommunestyret vedtok tidlegare at begge kommunane skal ha eigne tenester etter kommunedelinga.
Kommunedirektøren bad kommuneutvala for Ålesund og Haram om å ta stilling til om denne nye informasjonen var grunnlag for å gjere ei ny utgreiing, eller om ein skulle halde fast ved vedtaket som vart gjort i haust.
Kommuneutvala gjorde ulike vedtak i saka, slik at det no ligg føre både eit ønske om ny utgreiing og eit ønske om å gå vidare med kommunestyret sitt opphavlege vedtak om organisering av NAV-tenestene.
For å ta omsyn til begge vedtaka legg derfor kommunedirektøren fram spørsmålet om vidare saksgang for formannskapet, som har ei koordinerande rolle i kommunedelingsarbeidet. Kommunedirektøren si innstilling er å ikkje gå vidare med ei ny utgreiing av spørsmålet om vertskommunesamarbeid.
Her kan du lese meir om saka.
Forvalting av feriefond
Ålesund kommunes fond for ferie- og fritidstiltak er ei stifting som vart oppretta 11.4.1985, mellom anna ved sal av ein feriekoloni og samanslåing av nokre mindre legat. Fondet si inntekt er renter frå bankinnskot, og det er dei årlege renteavkastningane som vert delt ut til søkarar. Dei siste åra har avkastninga vore for lave, og ein tilrår derfor no å senke den urørlege grunnkapitalen. Slik kan fondet oppfylle rolla si, ved å dele ut midlar til vanskelegstilte born og ungdom i Ålesund kommune.
Nye satsar for SFO
Grunna nye vedtekter for SFO må pris per månad for dei ulike opphaldskategoriane tilpassast.
Slik er tilråinga frå kommunedirektøren:
SFO - Pris pr månad for opphaldskategoriar i tråd med nye vedtekter
Kommunestyret har bede om ny sak der ein kan vurdere om nokre av skulefritidsordningane i kommunen kan halde ope i jula og påska, då etter påmelding og mot ekstra betaling.
Meir informasjon
Desse sakane er berre eit lite utval av det formannskapet skal behandle på tirsdag. For å lese meir, kan du lese sakspapira i Innsyn.
På KommuneTV kan du sjå direktesendinga, eller opptak i etterkant av møtet.