Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Teknologi gir miljøgevinst for drikkevatnet

Fortsatt reint drikkevatn, mindre sløsing og kontroll på vedlikehald er nokre av måla Smart Water-prosjektet har sett fram til 2023. NTNU og Ålesund kommune presenterte i juni simulering og visuelle, digitale verktøy som viser Brusdalsvatnet og vassforsyninga i området.Seks menn oppstilt i gruppe med to sittande foran og fire ståamde bak. Dei er oppstilt foran firkanta boksar som illustrerer nokre av FNs berekraftsmål - Klikk for stort bileteNokre av forskarane i Smart Water-prosjektet, frå venstre: Lars Lågeide, Bjørn Skulstad, Razak Seidu, Andreas Longva. Foran: Van Lam Nguyen og Michel Thorny. NTNU i Ålesund     

– Fokus i prosjektet er utvikling av smarte vassystem for effektiv drift, vedlikehald og generell styring av drikkevatn og avløpsvatn, seier professor Razak Seidu ved NTNU.

Overvakar drikkevatnet

Som ein del av prosjektet er det allereie installert utstyr i Brusdalsvatnet for innsamling, sortering og overføring av data. Her får dei svar på vasskvalitet, og tilgang til ein sanntids digital tvilling av drikkevasskjelda.

Ein gul flåte på eit vatn. Følgebåt med to menn bak flåten - Klikk for stort bileteFlåten som samlar data frå Brusdalsvatnet 

– Med dei digitale verktøya ser vi også kor det finnast svakheiter i ledningsnettet, og har moglegheit til å simulere operasjonar i infrastrukturen, seier avdelingsleiar for vatn og avløp i Ålesund kommune, Bjørn Skulstad.

Målretta tiltak med hjelp av teknologi

Skulstad meiner at teknologien gir ekstra støtte og tryggleik i overvaking av kvaliteten i drikkevasskjeldene, og ledningsnett. Det finnest mellom anna detaljerte, visuelle verktøy som viser røra i gatene i Ålesund, og i boligområda.

– Overvakinga gjer det mogleg å setje inn målretta tiltak, og planlegge der vi ser det er svakheiter. Det fins område med stort press nokre tider av døgnet, for eksempel bydelen Spjelkavika der det bur mykje folk.

Til toppen