Ta våroppryddinga ute med Rusken-aksjon
Ålesund kommune hjelper til og hentar herrelaust Rusken-avfall som vert samla inn langs vegar, stiar og i friområde.

Gi beskjed om henting av innsamla avfall seinast to verkedagar før henting til e-post: post@attvin.no
Her skal du melde inn:
- Arrangør (til dømes ei velforeining eller skule).
- Kontaktperson for hentinga.
- Fullt namn og telefonnummer.
- E-postadresse.
- Nøyaktig henteadresse. Berre eitt hentepunkt.
- Ønska hentedato i samsvar med renovasjonskalender og vekedag for henting i dykkar sone i veke 18 eller 20.
Har de ikkje ei arrangementside for ryddeaksjonen, så lag ei her på nettsida til Friskus.
Henting av Rusken-avfall
- Henting av avfall skjer berre etter avtale.
- Kommunen vil hente avfallet på vanleg renovasjonsrute for restavfall, maksimalt fem meter frå vegkant der renovasjonsbilen køyrer.
- Rusken-avfallet må vere samla i handterlege sekkar (gjennomsiktige), og vere sett fram til køyrbar veg. Sekkane skal ikkje innehalde større gjenstandar, stein, metall, elektronikk, farleg avfall eller hageavfall.
MERK: Avfall som ikkje er i sekk, vert ikkje tatt med. Dette må ein sjølv bringe til ein miljøstasjon. Levering av slikt avfall må meldast inn og godkjennast på førehand. - Dei som ønsker å delta i oppryddinga, må sjølve sørge for gjennomsiktige avfallssekkar.
- Hageavfall kan leverast gratis på miljøstasjonen din heile året.
Husk at Rusken-aksjonen ikkje er for avfall frå strandrydding. Her er det eigne ordningar gjennom Hold Norge Rent. Sjå www.ryddenorge.no for meir informasjon.
Sist endra 09.04.2025 08.29