Susanne Myklebust er årets lærling 2022

Susanne Myklebust vart nyleg kåra til årets lærling for 2022, av Sunnmøre Kommunale Opplæringskontor. Ho har vore lærling hos oss i Ålesund kommune sidan hausten 2021, i IT-avdelinga.  

Portrettbilde av kvinne - Klikk for stort bileteSusanne Myklebust er lærling i IT-avdelinga Jon Åge Giske Andersen

Susanne vert i grunngivinga frå opplæringskontoret beskrive som ein lojal, ærleg og pliktoppfyllande lærling som frå første stund har vist stor interesse og forståing for både arbeidet og faget.

Ho er strukturert, har god orden, samt ein svært god progresjon i det teoretiske arbeidet med kompetansemåla i læreplanen. 

Ein triveleg arbeidsplass

Korleis hamna du her hos oss?

"Eg hadde vore på praksisplass her tidlegare, og trivst så godt at eg sendte inn ein søknad om lærlingplass. No er eg på fjerde halvåret, så eg skal truleg opp til fagprøve no i juni. “ 

Veit du kva slags oppgåver du må gjennom for å få fagbrevet ditt? 

“Då skal eg i løpet av ei veke setje opp ein server, med brukarar og tilgangar. Så må eg nok leggje inn ein skrivar, og PC som er i domenet, og setje opp sjølve domenet. “ 

Dette føler ho seg godt rusta for å handtere.

Varierte oppgåver

Susanne fortel at ho har veldig varierte oppgåver i løpet av ei arbeidsveke.  

“Det kan vere veldig mykje forskjellig. Nokre dagar har eg telefonvakt, der eg hjelper folk frå heile kommuneorganisasjonen, med alle moglege slags problem.

Andre dagar jobbar eg med innsendte saker og hjelper folk ved å fjernstyre PCane deira, eller driver med reparasjon og vedlikehald av sjølve maskinene.

Også er det gongar eg er på uteoppdrag, til dømes for å sette opp nettverk eller liknande.” 

Eit gruppebilde med prisvinnar i front - Klikk for stort bileteSunnmøre Kommunale Opplæringskontor gav Susanne Myklebust utmerkinga årets lærling 2022

Den store variasjonen i oppgåver, noko Susanne set veldig pris på. 

“Det er veldig kjekt at ein får dekt alle tema. Nokre gongar kan enkelte oppgåver bli litt gjentakande, og da er det ekstra fint å til dømes fare på uteoppdrag.” 

Fleksibel og interessert

Som årets lærling 2022, har du ei spesiell tilnærming til korleis du arbeider? 

“I IT må ein vere veldig fleksibel, og ta ting som det kjem. Ein kan ikkje berre ha ein måte å jobbe på, og må vere i stand til å tilpasse seg det som dukkar opp av utfordringar og oppgåver.” 

Har du gode tips til framtidige lærlingar? 

“Vis at du er interessert, møt opp tidsnok og prøv å strekk deg forbi det som er forventa av deg. Ver ein god lagspelar.” 

Ville du tilrådd andre å søke lærlingplass i IT-avdelinga? 

“Absolutt. Det er veldig gode rettleiarar, det er eit veldig godt miljø, og dei har vore flinke til å finne forskjellige oppgåver til meg.

Eg føler at eg får gjort mykje meir forskjellig her, enn det eg ser andre plassar. Stor variasjon i oppgåver, og mykje ansvar. Eg er veldig fornøgd her, og har eigentleg berre positive ting å fortelje". 

Bli lærling sjølv!

1. mars er søknadsfrist for lærlingplass i kommunen. Sjekk ledige plassar på kommunens nettside.