Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Studentane sitt hus på campus i Ålesund vert realisert

Det var full jubel på campus då Studentsamskipnadens styre i Ålesund vedtok å gå vidare med bygginga av studentane sitt hus; Sundebygget. Bygget skal ligge sentralt på campus og skal gi 2.475 kvadratmeter med studenthus og 2.270 kvadratmeter hyblar.Klikk for stort bilde 

Arbeidet blei stansa i mai på grunn av koronaepidemien. 

-Dette er svært gode nyheiter og det gler meg at vi no kan gi grønt lys for Sundebygget, fortel Sofie Carlsen Bergstrøm, styreleiar i Sit. 

-Bygget blir eit flaggskip på campus og vil vere eit viktig ledd i å styrke studentfrivilligheita og løfte Ålesund som universitetsby. Vi har i stor grad lytta til studentane sine ønske og behov for bygget, seier ho.

Eit levande studentbygg på ein aktiv campus

Klikk for stort bildeStyreleiar Sofie Carlsen Bergstrøm i Sit. sit. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sunde, Ålesund kommune, NTNU og Sit. Brødrene Sunde har gitt 20 millionar kroner i gåve mot at dei får namnet sitt på bygget. Sit blir eigar og drivar av huset.

Bygget skal utformast og det skal leggast til rette for aktivitetar som gjer at det blir studentane sin føretrekte møteplass både i og etter ordinær studietid. På den måten vil bygget bidra til visjonen om ein levande campus. Sit sine tenester blir både meir tilgjengelege og synlege i det nye bygget, noko som vil bidra til auka studentvelferd, meistring og trivsel blant studentane.

-Dette skal bli ein stad der studentane våre kan leve eit heilt studentliv, seier Bergstrøm. 

-Med studentfrivilligheiten, fysisk aktivitet, sosiale møteplassar og mykje anna. Det er eit spanande bygg med mange mulegheiter, og eg gler meg på både på studentane sine, og byens vegne, seier ho.

I tillegg til å styrke studentvelferda til Ålesundsstudentane, gir prosjektet også ein real boost til byen sitt næringsliv.

-Dette er eit millionprosjekt som løfter både den lokale byggebransjen og skaper rom for tettare samarbeid mellom studentane og næringslivet. Prosjektet viser tydeleg kor viktig god studentvelferd er for utviklinga av heile universitetsbyen.

I tillegg vektlegg vi å likestille arbeidet vårt både i Ålesund, Gjøvik og Trondheim med å synleggjere Sit sine aktivitetar, seier ho. 

Til toppen