Siste nytt

Strukturelle tiltak i helse- og omsorgssektoren

Ålesund kommune skal redusere drifta for helse- og omsorgstenester med 70 millionar kroner i 2021. Frå før er drifta redusert med 40 millionar kroner.Foto av fasaden til Spjelkavik omsorgssenter - Klikk for stort bilete  

- Det er ikkje realistisk å få til innsparingar utan at vi gjer strukturelle grep innan kommunalområdet, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes.

Måndag 22. februar blei dei tilsette og fagforeininga orientert om dei to forslaga til strukturelle endringar som kommunedirektøren legg fram for politikarane. 

Alternativ 1:

  1. Ålesund kommunestyre vedtek at strukturelle tiltak i helse og omsorg skal gjennomførast med avvikling av avdelingar ved fleire institusjonar:
  • Haram omsorgssenter: avvikling av ei avdeling med 25 plassar
  • Hatlane omsorgssenter: avvikling av ei avdeling med 20 plassar
  • Spjelkavik omsorgssenter: avvikling av ei avdeling med 18 plassar
  • Skarbøvik sjukeheim: avvikling av ei avdeling med 20 plassar

Alternativ 2:

  1. Ålesund kommunestyre vedtar at strukturelle tiltak i helse og omsorg skal gjennomførast med avvikling av ein heil institusjon.

- Dersom politikarane vel alternativ to, må dei ta stilling til kva institusjon som eventuelt skal leggast ned. Uansett kva alternativ som blir  vald, er målet vårt at vi skal klare dette med minst moglege konsekvensar for dei tilsette og brukarane. Ei slik omstilling er ein prosess som tar tid, og målet er alle skal få eit tilfredsstillande omsorgstilbod. Det er også eit mål at vi skal unngå oppseiingar av tilsette, seier Vasstrand Synnes.

- Dette forslaget er ei oppfølging av dei omstillingskrava og det budsjettvedtaket som kommunestyret gjorde i september I fjor.  Alle kommunalområda har vore gjennom prosessar for å effektivisere og vi til innsparingar, og no er det helse og omsorgssektoren som står for tur. Tidlegare i år har kommunalområdet for opplæring vore gjennom den same omstillinga, seier kommunedirektør Astrid J. Eidsvik. 

God dekning i Ålesund

Samanlikna med ein del andre kommunar har Ålesund høg dekningsgrad når det gjeld plassar i institusjon.

- Det er viktig for oss å understreke at endringane skal gjerast med minst mogleg konsekvensar for brukarane. Kommunen vil framleis garantere at alle som har krav på kommunale tenester skal få dette. Samstundes gjer kommunen i fortløpande vurderingar om vi må styrke den heimebaserte tenesta. Målet er at enda fleire eldre skal få bu heime så lenge som dei ønsker, seier Vasstrand Synnes.

Strukturendringane kjem også som ein del av ein naturleg omstilling i eldresektoren

- Vi har alle eit ønske om å klare oss sjølve i eigen heim heile livet. Det er ei uttalt målsetjing frå nasjonale myndigheiter at vi skal legge til rette for at dei fleste skal kunne bu heime så lenge som mulig. I åra framover vil talet på eldre i Ålesund kommune auke, og sannsynlegvis også behovet for helse- og omsorgstenester. Det er avgjerande at kommunen greier å tilby forsvarlege og trygge tenester på det rette nivået for den enkelte innbyggar, seier Vasstrand Synnes.

Saka skal først behandlast i komité for helse og velferd, og seinare i mars i kommunestyret.

Til toppen