Siste nytt

Stort engasjement i møte om ungdomsmiljøet på Moa.

Det var stor oppslutning om det digitale dialogmøtet for å kartlegge situasjonen rundt ungdomsmiljøet på Moa. På det meste var 170 maskiner kobla opp. Etter fleire innleiingar vart det opna for deltaking i både gruppearbeid og plenumssamling.Klikk for stort bileteDigitalt møte om ungdomsmiljøet på Moa 

Kommunalsjef for kommunalområde Barn, familie og integrering, Vivian Dyb, innleia om bakgrunnen for møtet: den aukande uroa knytt til uønska hendingar i ungdomsmiljøet på Moa. Fleire av dei politiske komiteane i kommunen ønsker innspel til korleis ein best bør legge til rette arbeidet inn mot denne utfordringa.

Ikkje berre problem.

I møtet vart det frå fleire poengtert at det på ingen måte berre er problem med ungdommar på Moa.

Senterleiar Ann Mari Rødal Kleppe var ein av dei, og ho minte om at Moa faktisk er den største private arbeidsplassen i kommunen, og at ein mellom ungdommane finn både kundar og framtidige tilsette på senteret.

Elles er det slik at kvar år kjem 6,5 millionar besøkande til Moa, og då er det kanskje ikkje så rart at uønska hendingar kan skje. Politiet, representert ved stasjonssjef Oddbjørn Solheim og avsnittsleder på førebyggande, Bjørn Egil Gamlem, understreka at det er viktig å ikkje berre fokusere på problem, men ha løysingsfokus.

Dei presiserte at det no er viktig å sette inn gode tiltak for å hindre at situasjonen kjem ut av kontroll.

Manglar ein plass «å henge»

Ungdomane, representert frå ungdomsråd og elevråd ved ulike skolar, poengterte at ungdommar i Ålesund som vil delta på organiserte aktivitetar innan sport, musikk og andre kulturelle aktivitetar har utruleg mykje å velje mellom i kommunen.

Slik dei ser det er gjeld problemstillinga i første rekke ungdom som manglar ein stad å «henge» - gjerne ungdom som ikkje deltek i organiserte aktivitetar, eller har falt ut av skulen.  

Mange moglegheiter.

Alle som deltok i møtet har høve til å sende inn sitt syn på utfordringane til kommunen, og samstundes kome med kreative forslag til løysing. Kommunalsjef for kultur og medborgarskap, Malin Piegsa avslutta møtet med å love at innspela vil bli gjennomgått og at det vil bli nye møter i saka, mellom anna med temaet: Kva kan vi få til saman?

Ho presiserte at det er mange utfordringar, men også mange moglegheiter i kommunen vår.

Mange innspel.

Kommunalsjef for kommunalområde Barn, familie og integrering, Vivian Dyb,   var etter møtet svært fornøyd: «Eg synes møtet vart veldig bra med mange gode forslag under møtet.

I tillegg fekk vi i over 100 innspel som vi skal sjå nærare på allereie neste veke. Så vil det etterkvart bli fleire møter om dette temaet.

Til toppen