Størk Huse får heidersprisen for 2022

Størk Huse får heidersprisen for 2022

Ålesund kommune tildeler årleg heidersprisen som heider for stor og samfunnsnyttig innsats for innbyggarane i kommunen. Størk Huse er nominert av Kommunedelsutvalget for Sandøy og Fjørtoft. Grunngivinga les du her.

Foto av eldre mann som ser ut av båt - Klikk for stort bilete Terje Huse

Størk har i ein mannsalder vore den stødigaste, mest pålitelege og fleksible serviceinstitusjon ein kan tenke seg. I storm og i stille. På bølgetoppar og i havblikk med speilblanke solnedgangar. Alltid like blid og alltid like service-minded. Dag og natt har Størkå I, II og III frakta menigmann, næringslivstoppar, arbeidsfolk og politikarar, konsertdeltakarar, slektstemnedeltakarar, kulturpersonlegheiter, musikarar, prestar og organistar, gjestar og underhaldarar, sørgande og feststemte, store og små, viktige og mindre viktige personar, motordelar og kritiske komponentar til store vinsjar, alle som hadde behov - til og frå kommunedelen vår. Frakta skuleelevar til og frå naboøyene i vær som ferga har gitt opp å gå i. Størk Huse har stilt opp. For alle. Meir enn nokon har kunnet forvente. Kom du heim med familien på siste fly, eller skulle reise i embeds medfør på første fly, alt for tidleg eller alt for seint for fergeavgang

- Størk vart redninga for å sleppe overnatting på fastlandet.

Vore viktig ressurs i redningsaksjonar og leit etter sakna på sjøen. Han har bistått i livreddande aksjonar og ved båtbrannar. Vore ei viktig bidragsytar og ein stor kapasitet i beredskapen på øyane og havområda rundt. Kaker har vore levert til sokkelen av den fullgode Service-institusjonen. Størk og Størkå har vore eit begrep – langt utanfor kommunegrensene våre. Turane med deg vil bli sakna, Størk. Heidersprisen bør gå til deg. Med djup respekt og takksemd gjennom mange år.

- Eg har sjølv hatt gleda av å bli frakta i båten av Størk Huse. Sjølv i sterk vind og uroleg sjø, har eg kjent meg trygg med ein så erfaren båtførar ved roret. Vi gratulerer vinnaren, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Til toppen