Illustrasjonsbilete
Marit Brunstad / Sponland Foto
Undervegs i møtet skal det også vere orienteringar om ny hovudbrannstasjon, fusjonen Mørenett og Linja og alternativ trafikkløysing i sentrum av byen.
Møtetid er 09:30 - 15:00. Du finn sakspapira og lenke til KommuneTV lengst nede i artikkelen.
Flyktningar
Kommunedirektøren innstiller på at Ålesund kommune skal busette i alt 200 flyktningar i 2023. Ein av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårig under 15 år, og to av plassane nytta til busetting av einslege mindreårige over 15 år, i tillegg vert tre av plassane nytta til einslege mindreårige med følgeperson. Oppmodinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) var at kommunen kunne ta imot 400 flyktningar i år.
Gangstøvika
Statsforvaltaren har pålagt Ålesund kommune å lukke det nedlagde deponiet i Gangstøvika innan 31.12.2023. Etter at hovudentreprisen no har vore ute på anbod, er det behov for ei auke i kostnadsramma på 27 millionar kroner. Kommunedirektøren innstiller derfor på å auke investeringsbudsjettet frå 68 millionar kroner til 95 millionar kroner.
Osane idrettshall
På bordet til formannskapsmøtet ligg også ei innstilling om å vedta å gje kommunal garanti til SIF/Hessa IL, under dette heileigd anleggsselskap, for låneopptak i samband med kjøp av hallflate idrettshall nr. 2, Osane idrettshall. Garantien gjeld to lån med hovudstolar på høvesvis: 42,876 millionar kroner over maksimalt 38 år 18,469 millionar kroner over maksimalt 5 år (avdragsfri mellomfinansiering av mva. og spelemidlar).
Når det gjeld forvaltning, drift og vedlikehaldskostnadar for Osane idrettshall og aktivitetssenter, opsjon byggetrinn 2, er tilrådinga at kommunen ikkje tar på seg dette. Grunngivinga er kommunen sin økonomiske situasjon.
Bypakken og trafikk
Etter initiativ frå styringsgruppa for Bypakke Ålesund rår kommunedirektøren til at det vert innført eit passeringstak for køyretøy i takstgruppe 2 i Bypakke Ålesund. Det skal betalast for maksimalt 60 passeringar per kalendermånad, på lik linje med køyretøy i takstgruppe 1. Køyretøy i takstgruppe 2 som vil omfattast av ordninga med passeringstak er i hovudsak næringstrafikk, til dømes køyretøy som frakter varer innanfor byområdet, køyretøy innan renovasjon og buss utanfor rute.
Formannskapet skal i møtet tysdag også ta stilling til ulike alternative trafikkløysingar i Ålesund sentrum, blant anna breidde på ny bru over Brosundet. Kommunedirektøren tilrår at kommunen vedtar alternativet der Keiser Wilhelmsgate blir kollektiv- og sykkelgate og ei bru på 13,75 meter breidde.
Kommunedirektøren meiner dette er den mest framtidsretta løysinga for byen og særleg for den nye bydelen Sørsida. Forholdet til syklande, gåande og bylivet er avgjerande for tilrådd løysing.
Auke i avfallskostnadar
Sidan prisane frå ÅRIM ikkje var klare før skrivefrist til den ordinære budsjettsaka, vert betalingsregulativet for renovasjon og slam no teke opp som eiga sak. I forslaget til betalingsregulativ for hushaldsavfall for 2023 blir prisane auka med 13 % frå førre år.
Meir informasjon
Orienteringa om ny hovudbrannstasjon skal vere ved dagleg leiar Bjørnar Helland i Ålesund kommunale eigedom (ÅKE), Fusjon Mørenett og linja v/Anne Breiby m.fl. og før behandlinga av saka om trafikkløysing vil saksbehandlar Jøran Mentzoni Eilertsen m.fl. ha ei orientering.
Alle saksdokument knytt til møtet er tilgjengelege på Innsyn.
Møtet i formannskapet blir sendt direkte på kommune-tv. Der kan du følgje både ordskiftet og voteringa direkte