Stenging av Borgundfjordstien

For å få avslutta ureinsa kloakkutslepp i Bogneskroken, skal ein legge nye leidningar og bygge ny pumpestasjon. Då må også Borgundfjordstien stengast for ein periode i haust.

Tursti - Klikk for stort bilete

Arbeidet er ein del av oppryddinga Ålesund kommune er i gang med når det gjeld ureinsa kloakk til sjø og i tråd med pålegget frå Statsforvaltaren om å fjerne slike utslepp.

Stengt sti, men du kan gå rundt

Arbeidet har allereie starta i Slevika. Der blir ein liten sti oppgradert og det er skilta korleis ein kan få gå forbi anleggsarbeidet. Når ein kjem ut i oktober, må vi dessverre stenge stien, for å få gjort arbeidet med å legge leidningar på ein trygg måte. Då må folk gå rundt ved å bruke bilvegane i området. Vi oppmodar folk om å følge skiltinga og ikkje ta seg inn på anleggsområdet.

Arbeidet vil gjelde nærare 200 meter av turstien. I tillegg til nye leidningar, skal det også byggast ein ny pumpestasjon og veg for arbeidsbilar fram til pumpestasjonen.

Det er planlagt at arbeidet skal vere ferdig til jul.

flyfoto - Klikk for stort bileteI det avmerka området skal det leggast nye rør.