Siste nytt

Stenger og melder selskapet bak Toldboden til politiet for brot på smittevernreglane

Ålesund rådhus - Klikk for stort bileteÅlesund rådhusÅlesund kommune har torsdag 29. april beslutta å stenge Toldboden i ei veke for brot på smittevernreglane i perioden 16. -18. april. Kommunen melde óg selskapet bak Toldboden til politiet for brot på smittevernreglane.  

-Vi har aldri hatt så mange smitta før i Ålesund. Hovudsakleg er dette smittevegar som stammar frå Toldboden. Vi har også mottatt mange tilbakemeldingar som er urovekkjande i forhold til korleis smittevernet der er blitt ivaretatt. Dette er ein alvorleg situasjon som kommunen vil ta tak i. Derfor har kommunen i dag gjort vedtak om stenging, og vi gjer også det grepet om å melde saka til politiet slik at dei undersøkjer saka vidare, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

 

Kommunen har torsdag 29. april sendt eit skriv til Toldboden der dei informerer om stenginga.  Der kjem det blant anna fram at det ser ut til å vere ei utbreidd oppfatning både mellom gjestar og forbipasserande til serveringsstaden,  at smittevernet ikkje blei forsvarleg ivaretatt dei aktuelle datoane.

 

-Kommunen si vurdering er at Toldboden har utvist grov aktløyse ved at serveringsstaden ikkje i tilstrekkeleg grad har fylgd smittevernreglane. Som eit resultat  har det skjedd eit alvorleg smitteutbrot som har ført kommunen inn i den mest alvorlege smittesituasjonen ein har hatt under koronapandemien, seier rådgivar Øyvind Skjelten.


Omfattande brot - direkte stenging i ei veke

Brota på smittevernreglane blir vurdert som så omfattande at kommunen finn det rett å reagere med direkte stenging, med heimel i smittevernlova § 4-1 b, framfor å vedta ein advarsel, slik retningslinjene elles legg opp til. Vedtaket gjeld i ei veke med verknad frå 30. 04. 2021.

 

Melder selskapet som står ansvarleg for Toldboden til politiet 

Kommunen har torsdag 27. april meldt selskapet som står ansvarleg for Toldboden til politiet for brot på smittevernreglane.
 

Etter kommunen si vurdering ligg det føre brot på

  • reglane om avstand, ved at gjestar sat for tett på kvarandre og ikkje heldt minimum 1 meters avstand,
  • reglane om hygiene, ved at rutiner for reingjering/desinfisering av bord ikkje vart haldne,
  • reglane om skjenking, ved at gjestar fekk skjenka alkoholhaldig drikk utan krav om samstundes å kjøpe mat,
  • ved at de fortsatte med skjenking etter at de hadde mistet kontrollen på overholdelse av smitttevernreglene
  • ved at dei ikkje i tilstrekkeleg grad oppmoda gjestane om å registrere seg.
Til toppen