Status om Sørsida, økonomisk status, overgangsperioden, The North West og Heidersprisen 2023

Tysdag 03. oktober vart det nest siste ordinære møte i Ålesund formannskap halde. Her kan du lese om kva dei kom fram til, sjå opptak og lese møteprotokollen.

Formannskapet - Klikk for stort bileteFormannskapet Ålesund kommune

Møta starta med at Peter Hareide heldt ei oppsummering om status til Sørsida. Det blei her fortalt om kva som er dei vidare planane no framover. Det er tett samarbeid med vegvesenet og fylkeskommunen om Sjøgata. Dette er ei gate som i dag er i veldig dårleg stand, men som skal gjerast om til ein Fylkesveg. Det vil verte laga ein midlertidig omkøyringsveg i dette området, mens ein gjer klart området til å starte på prosessen med å bygge bustadar.  

Det har i lang tid vore mange og positive samtalar med Momentium om å lage ei ny kulturscene i området. Ålesund hamn har også meldt si interesse i eit samarbeid på denne. Her ser dei på Devold bygget som ei moglegheit til bruk. Her har det vore synfaring, og tilbakemeldinga var at bygget er i veldig bra stand, men golvet på kaia der må oppgraderast.

I november vil det komme sak opp til vedtak om at Ålesund kommune og Fylkeskommunen i samarbeid, formelt sett kjøpe Kultur hamna/Sørsidebygget. Som då gjer at ein kan starte utviklinga av skole, teater og kulturskole her.  

Elles fortalte Peter Hareide at Sørsida og Momentium har fleire spanande samarbeid dei snart vil komme med meir informasjon om.

 

Økonomisk status og overgangsperioden fram til 1. januar 2024

Så fekk Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal ordet, der han gav ei orientering om den økonomiske statusen til kommunen. Du kan lese meir om orienteringa her.

Etter kommunedirektøren var det tid for ei orientering om korleis overgangsperioden fram til 1. januar vil verte. Denne vart halde av kommuneadvokat Line Thomassen.

Her forklarte ho at det noverande kommunestyret vi ha ansvaret for den daglege drifta og gjere nødvendige vedtak for å avslutte den gamle kommunen. Dei nye kommunestyra kan fatte vedtak som er strengt nødvendige. Dette gjeld vedtak som å velge revisor og sekretariat for kontrollutval i dei nye kommunane, og inngå nødvendige avtalar i delingsprosessen for dei nye kommunane fram til kontinuering.  

Det vil ligge avgrensingar for dei nye kommunestyra frå konstituerande og fram til dei nye kommunane trer i kraft 1. januar 2024. Vedtak som må/skal settast i kraft før nyttår ligg utanfor nye kommunestyra si makt. Dette gjeld vedtak som må takast før nyttår vedrørande løypande drift eller i saker der private/eksterne aktørar har krav på/reelt behov for svar før nyttår.  

Avgjersler som dei nye kommunestyra tek vil i utgangspunktet gjelde først frå 1. januar, men ein kan vedta avtalar på vegne av dei nye kommunane som er nødvendige for delinga, økonomiplan og budsjett for 2024 og ein kan vedta høyringsfråsegner.

 

The North West og Heidersprisen 2023

Det blei einstemmig vedtatt å følge Kommunedirektøren si innstilling om å overdrage Ålesund kommune sin eigarpost på 72,165 prosent i The North West AS til Foreininga Framtidslaben vederlagsfritt . The North West står bokført i kommunen sitt rekneskap til 2 506 000 kroner. Sidan aksjane ikkje anslåast å ha noko reel omsetningsverdi, skrivast beløpet ned til 0 kroner mot kapitalkonto.

På slutten av møtet trakk formannskapet seg tilbake for å drøfte vinner av Heidersprisen 2023. Det vart drøfta fleire forslag, men formannskapet vedtok einstemmig å tildele prisen til Mariell Gausnes Aasen og Thea Elise Vestre Aasen og Cheerledergruppa Ørskog Angels

 

Andre sakar som vart drøfta:  

  • Gbnr. 809/1 - klage på vedtak - Deling av grunneigedom  
  • Kommunedeling - Fastsetting av arkivansvar  
  • Varetaking av betalingsplikter og arbeid med årsrekneskap og årsmelding for 2023 for noverande Ålesund kommune
  • Orientering om Apeks fysioterapi
  • Ny organisasjonsmodell for Ålesundregionens havnevesen  

 

Møteprotokollen viser alle vedtaka, og du kan sjå opptak frå møtet på KommuneTV