Siste nytt

Status fredag 30. oktober:  Tre nye tilfelle av koronavirus i Ålesund

Korona teststasjon - Klikk for stort bileteKorona teststasjon Ålesund kommune melde fredag 30. oktober om tre nye tilfelle av koronavirus. 

  • Ålesund kommune fekk seint torsdag meldt at ein gjestearbeidar i karantene har testa positivt på koronavirus. Han er sett i isolasjon og vert fulgt av oppdragsgivar og smittevernteamet til kommunen. 
  • Fredag 30. oktober har to nye nærkontaktar, relatert til utbrot i arbeidslag i byggebransjen tidligere i veka, testa positivt på koronavirus. Dei var begge i karantene. Den eine smitta er ein elev på Møre barne- og ungdomsskule i Skodje. Ei gruppe (kohort) ved skulen og nokre lærarar er sett i karantene. 

Rektor ved skulen, Lars Johan Stokken seier dette: 


-    Vi fekk i dag tidleg melding frå smittevernteamet i Ålesund kommune at ein av våre elevar har fått påvist koronavirus. Ved hjelp av eit veldig godt samarbeid med smittevernteamet i kommunen, har vi i dag følgt beredskapsplanen vår og varsla foreldre og føresette i gjeldande gruppe (kohort). Alle elevar vart henta heim for å byrje på si 10-dagars heimekarantene. I løpet av dagen har skolen og smittevernteamet hatt informasjonsmøte på Teams (digitalt) med både foreldre, føresette, personalet og andre elevar. Møre barne- og ungdomsskule vil oppretthalde normal drift for dei elevane som ikkje er i heimekarantene.


Kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg seier dette: 


-    Drivar av skuleskyss, FRAM, er varsla og både sjåførar og skuleelevar er ivaretekne.

 

Viktig oppfordring knytta til kollektivreiser! 

 

  • Nyttar ein kollektivtransport må ein må sitte på tilvist plass. 
  • Det er viktig å unngå trengsel på bussane. 
  • Dei som absolutt ikkje treng å bruke buss, bør velje alternativ transport eller reise til tider då bussane er mindre fulle. 

Tall for Ålesund  - 114 meldte tilfeller til no


FHI og MSIS sine tal for meldte tilfeller av koronavirus i Ålesund er per 30.10 kl. 18.47, totalt 114 stk. Ålesund kommune vil oppdatere sine tall fortlaupande på vår koronaside.  


Difor er FHI sine tall høgare

VG sin koronaspesial og FHI hentar sine tall frå meldingssystemet for smittsomme sykdommar (MSIS). MSIS-tala kan vere ulike frå kommunane sine eigne tal av fleire grunnar. 

  • MSIS baserer seg på folkeregistrert adresse, slik at for eksempel ein student i Bergen eller Oslo som blir smitta, kan slå ut på Ålesund-tala dersom vedkommande fortsatt er folkeregistrert i heimkommunen.
  • Gjestearbeider som ikkje har fast bopel i Norge, vert registrert på prøverekvirent, f. eks Medi 3 i Ålesund og ikkje på kommunen den smitta oppheld seg i, til dømes Vestnes eller Vanylven. 

Kommunen publiserer tall på antal smitta som har opphald i Ålesund. 
 

Til toppen