Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Statsministeren til The North West 30. september

Statsminister Erna Solberg er ein av innleiarane når The North West inviterar til heildigital konferanse om berekraft og regionutvikling i lokal, nasjonal og global samanheng.Klikk for stort bildeStatsminister Erna Solberg Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor  
 

Statsministeren er leiar for FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla. Dette arbeidet deler no med Ghanas president John Dramani Mahama. Statsministeren vil snakke om kor viktig det er med ei berekraftig utvikling,  og kome med anerkjenning av dei initiativa som skjer i norske byar rundt arbeidet med å nå FN sine berekraftsmål.

I år vert The North West avvikla som ein rein digital konferanse. Det har opna for langt fleire og svært spanande foredragshaldarar frå heile landet, og internasjonalt.

Ved sidan av statsministeren, skal kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup innleie. President Chaesub Lee i ITU, (internasjonale telekommunikasjonsunion) er også ein av gjestane.

Arrangementet startar klokka 10.00 og varer fram til 15.00. 

 Lenke til digital konferanse: Her kan du registere deg som deltakar til The North West

Klikk for stort bildeGjermund Kvernmo Langset i The North West -The North West er ein unik møteplass på tvers av sektorar, geografi og landegrenser. Koronapandemien har råka oss alle hardt, det krev at ein tenker nytt, seier dagleg leiar Gjermund Kvernmo Langset i The North West.

 Arrangementet blir heildigitalt. Nettkonferansen inneheld også ei virtuell messe og moglegheiter for nettverksbygging og videomøter.

Programmet går på engelsk og har nedslagsfelt lokalt, nasjonalt og internasjonalt gjennom «Det Norske berekraftsnettverket» og vår samarbeidspartner i FN-programmet for smarte og berekraftige byar; U4SSC-IP.  Innleiingane blir avløyst av panelsamtalar med deltakarar frå både inn- og utland.

Tema som vert adressert denne dagen er:

  •     «Funding sustainability»
  •     «Establishing the blue economy»
  •     «Energy, technology and digitalisation»
  •     «Corporate sustainability»

-Vi gler oss til å invitere inn i vår virtuelle konferanse der vi skal lære, lytte og diskutere korleis vi skal drive samfunn- og næringsutvikling framover. Vi har samla ei unik rekke innleiarar og paneldeltakarar, no er det opp til folk å bli med, så kan vi saman forme framtida, seier dagleg leiar Gjermund Kvernmo Langset.

Desse er med:

•    Geir Håøy adm. dir. i Kongsberg
•    Barbara Kolm, Vice President of the General Council, Austrian National Bank
•    Nadine Kuhla Von Bergmann, Founder Creative Climate Cities
•    Steinar Sønsteby, Konsernsjef i ATEA
•    Heidi Nakken, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet
•    Per Christian Honningsvåg, Director WW Power & Utilities Industry, Microsoft
•    Erik Espeset, konsensjef TAFJORD
•    Thina Saltvedt, sjefsanalytiker Sustainable Finance NORDEA 
•    Eva Vinje Aurdal, Mayor of Ålesund 
•    Marielle Furnes Mannseth, General Manager Ålesund future lab
•    Kari Aina Eik, General secretary OiER / U4SSC-IP
•    Elisabeth Holvik, Chief economist Sparebank1
•    Birgit Liodden, Founder The Ocean opportunity lab 
•    Einar Vik Arset, Coastal Director The Norwegian Coastal Administration
•    Roger Hofseth, Hofseth BioCare
•    Kine Norheim, CEO NeXT Digital
•    Bjørn Kjærand Haugland, CEO SKIFT Business climate leaders
•    Annik Magerholm Fet, Dr. prof and Vice Rector NTNU
•    Gjermund Langset, CEO The North West

Til toppen