Startar opp igjen sosial møteplass for seniorar

Startar opp igjen sosial møteplass for seniorar

Gladnyheit - endeleg skal vi få starte opp att med sosiale møteplassar for seniorar på biblioteka våre. - Fole kjekt å vere sosial og digital i Ålesund, seier Ingvild Haram. Foto av blide eldre kvinner og menn foran prikkete bakgrunn - Klikk for stort bilete 

Dette er ein variant av tidlegare “Fole kjekt å møtast” som mange seniorar allereie kjenner til. Kommunen avansera no med eit digitalt innslag på kvar samling. 

- Fleire og fleire stadar i samfunnet set krav til digital kompetanse og vi tenker det kan vere ein fin øvingsarena å begynne med den digitale aktivitetskalenderen til Ålesund kommune. Det vil vere attraktive frivillig-oppdrag og arrangement som ein kan kommunisere, lese om og melde seg på.

I tillegg til å skape kjekke samlingar på biblioteka vil vi gjere det enklare for fleire å vere aktiv og sosial, også mellom samlingane. Fleire seniorar skal enkelt digitalt kunne ha oversikt og informasjon over kjekke aktivitetstilbodet der dei bur, både arrangement og frivillig-oppdrag.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Friskus sosialentreprenør og Ålesund kommune. Samarbeid mellom bibliotek og frivilligsentral er ein sentral del også i dette prosjektet, samt samarbeid med omsorgstenesta.

Samlast på biblioteka

Samlingane vil innehalde alt frå enkel trim eller kulturinnslag, digitalt kurs for personleg bruk av kommunen sin aktivitetsportal, samt sosiale samvær og noko å bite i.

- Vi legg stor vekt på det sosiale ved møteplassane. “Fole kjekt” skal vere ein trygg og inspirerande stad å heve sin digitale kompetanse når det gjeld deltaking i aktivitet og sosiale møteplassar. Noko tema vil vere nytt kvar gong og noko repetisjon. Det betyr at uansett kva samling du kjem på, får du hjelp til å få alesund.friskus.com på ditt digitale verktøy.

Møta vil gå føre seg på biblioteka rundt om i kommunen, då primært i Brattvåg, Ålesund, øyane, Skodje og Ørskog. Det vil også verte rullerande møteplassar innimellom for å dekke større område. 

Samlast først i Brattvågen og på Haramsøy

Planen er to møter før sommaren som kan vere ei slags premiere på heile det nye konseptet - vi gler oss stort til denne fantastiske satsinga. Dei første møta vil derfor vere på Brattvåg bibliotek, tysdag 28. juni 2022 kl. 12.00 - 14.00 og på Haramsøy bibliotek onsdag 29. juni 2022 kl. 12.00 - 14.00.

- Vi ønsker alle velkommen med et stort smil - enten om du er van med å navigere rundt på ein skjerm, eller om du kvir deg litt på å trykke! Hugs å ta med deg ditt digitale verktøy som for eksempel nettbrett eller pc.

Til toppen