Siste nytt

Startar med massetesting for elevar i Ålesund

Denne veka startar Ålesund kommune massetesting av elevar på 5. – 10. årstrinn i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Informasjon er sendt til skolane og direkte til føresette.Illustrasjon av koronaviruset - Klikk for stort bilete 

Testane skal takast heime på ettermiddagar kvar måndag og torsdag, så lenge testinga skjer. Elevane får med seg ein pakke med 5 testar i. Første testrunde er meint å starte torsdag 18. november.

Informasjon er gitt til skolane og vil bli sendt ut direkte til føresette gjennom det skoleadministrative verktøyet IST. Informasjon på fleire språk vil også bli gitt i løpet av veka.

Kvifor massetesting?

Det har blitt ein auke i tal nye smittetilfeller, og kommunelegane ser at ein større del av desse er barn i skolealder.

- Dette har hittil vore handtert gjennom oppfølging av nærkontaktar til smitta, og i nokre spesielle situasjonar har vi valt å gjennomføre eit testregime. Sidan smittetala held seg stabilt høge blant skolelevar innfører vi no jamleg testing ved alle skular i kommunen. Dette er i tråd med nasjonale retningslinjer og etter oppmoding frå FHI, fortel kommuneoverlege Eirin Steinsvik.

Målet med ordninga er å tidleg oppdage og avgrense utbrot.

Meir informasjon, sjå temaside om Testing for koronavirus - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

Til toppen