- Vegen framover vil vi legge i lag med frivillig sektor og befolkninga ellers med fleire dialogmøter. I møtene vil vi vite om folk har tankar om korleis Ålesund kommune kan vere ein god samarbeidspartnar for frivilligheita? Om gode forslag til tiltak som kan setjast i gang eller som kan betre kommunikasjon mellom kommunen og lag og foreiningar?
For å markere starten på arbeidet inviterer vi til KICK OFF og eit stort dialogmøte i Bystyresalen torsdag 12. mai kl. 18.00 - 20.00.
Dette vil vere det første av mange dialogmøter i heile kommunen, og Ulla håper at mange vil vere med i arbeidet med å gjere Ålesund til ein enda betre plass å bu.
Fleire møteplassar
23. mai kl.17.00 – Harøya, nærmiljøkafeen på Sandøytunet
24. mai kl.18.00 – Brattvåg, på tenestehuset i kantina 2.etg
1. juni kl.18.00 – Skodje, på rådhuset
8. juni kl.18.00 – Sjøholt, frivilligsentralen
Meir informasjon?
Sjå arrangement i Friskus.