Siste nytt

Smittetal frå Ålesund kommune blir no meldt kvar veke

Status for smittesituasjonen i Ålesund kommune blir oppdatert kvar måndag før klokka 16.00. Tal for denne veka, veke 48, kjem førstkommande måndag 6. desember.Illustrasjon av koronaviruset - Klikk for stort bileteIllustrasjon av koronaviruset 

Strategien i Norge er å legge til rette for eit mest mogleg normalt liv i eit ope samfunn, samstundes som vi må verne helsetenestene våre frå å bli overbelasta. For å oppnå det siste må vi sjå på det totalbelastninga, og smittetal for korona er no berre ein del av det totale biletet vi styrer etter.

Kommuneoverlegane fylgjer aktivt med på smittetal, testaktivitet, vaksineringsgrad og meir til, og har ansvar for å ha jamnleg oversikt og å gje råd til Ålesund kommune si kriseleiing.

- Sjølv om vi har erfaring frå tidlegare i pandemien endrar bilete seg kontinuerleg. Den viktigaste oppgåva er å stadig orientere oss på nytt for å handtere aktuelle situasjonar og utfordringar. Vi har no høge smittetal, og berre nokre månadar tilbake i tid ville vi reagert med «å trykke på den store raude knappen». For mange av oss har dette blitt ein refleks. Det er difor heilt avgjerande å kunne stoppe opp og justere dette til den kvardagen vi har i dag, fortel kommuneoverlegane.

Smittetilfelle for veke 48 i Ålesund kommune kjem måndag 6. desember innan klokka 16.00.

Hald deg sjølv oppdatert på smitte og kommuneoversikta frå fhi.no. Statistikken oppdaterast kl. 24.00 kvar dag. Tilfella er basert på folkeregistrerte adresser og ikkje tilfelle i sjølve kommunen. 

Lokale smittetal blir lagt på eigen side om koronasmitte.

Til toppen