Siste nytt

Smittesituasjon etter testing i skulen og opning av ny utleveringsstad for hurtigtestar

Etter testing av elevar i skulen har vi fått 13 positive hurtigtestar. Kommuneoverlegen fortel at kommunen er førebudd på at bildet brått kan endre seg, og utviklinga i skulane blir følgd nøye. På Moa helsehus opnar vi kvar søndag for at innbyggarar i dei prioriterte målgruppene kan hente hurtigtestar.

- Totalt er det frå måndag 3. januar til onsdag 5. januar 189 bekrefta smittetilfelle. Auken vi har sett den siste tida har stabilisert seg og er tilnærma lik førre veke (189 mot 200). Etter testing av elevar i skulen har vi fått 13 positive hurtigtestar. Dette er eit relativt lågt tal. Til samanlikning er dette (korrigert for folketal)  57% av det Trondheim rapporterte om etter skulestart. Vi ser framleis unge vaksne (mellom 20 og 40 år) som dominerer smittebildet med 43% av alle registrerte tilfelle, fortel kommuneoverlege i Ålesund kommune, Alexander Wiig.

Dette er fordelinga av PCR bekrefta smittetilfelle fordelt på aldersgrupper i kommunen:

  • 0-5 år:                  11 personar
  • 6-12 år:               22 personar
  • 13-19 år:             18 personar
  • 20-40 år:             82 personar
  • 41-64 år:             49 personar
  • 65+ år:                 7 personar

Kommuneoverlegen legg til at kommunen er førebudd på at bildet brått kan endre seg, og utviklinga i skulane blir følgd nøye.

Opnar hentestad for hurtigtestar på søndagar

Frå søndag 9. januar vil det vere mogleg å hente hurtigtestar på Moa helsehus mellom klokka 12.00 til 17.00. Det er same inngang som blir brukt for vaksineringa på helsehuset.

- Det er framleis prioriterte grupper som kan hente gratis hurtigtestar hos kommunens hentestadar. Alle må bestille hurtigtest og det gjer du på kommunen si heimeside. Etter bestilling får du kvittering som du skal vise på hentestaden.

Har du symptom eller er i isolasjon må du sende nokon til å hente for deg, eller bestille test ved teststasjon.

Hurtigtest - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

- Og, har du positiv hurtigtest er det viktig at dette blir meldt inn til kommunen. Positiv hurtigtest kan du melde inn i digitalt skjema på heimesida, avsluttar han.

Positiv hurtigtest? - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

Meir om koronasituasjonen i Ålesund kommune

  • Ålesund sjukehus har saman med Molde sjukehus ein regional funksjon for behandling av personar med covid-19. Samla har sjukehusa pr 02.01.22,  3 pasientar med covid 19. Oppdatert informasjon finst på nettsidene i helseføretaket. Det lokale helseføretaket vårt er no over i grøn beredskap.
  • Omikronsmitten har breitt om seg i regionen vår i siste del av desember, og dominerer no smittebildet.
  • Testaktiviteten er framleis låg. Dette kan bety at det er ein del skjult smitte. Ein oppfordrar alle til å teste seg ved luftvegssymptom. Hurtigtestar er mindre sensitive enn PCR testing. Teststasjonen har god kapasitet no. 
  • Vaksinasjonstilbodet har god kapasitet. Alle blir oppfordra til å la seg vaksinere med oppfriskningsdose så framt tidsintervallet mellom dei ulike dosane er nådd (20 veker mellom 2. og 3.dose). Vi ønsker uvaksinerte hjarteleg velkommen. 
  • Framleis karantene for dei under 18 år og elevar i vidaregåande skule.
Til toppen