Siste nytt

Slutt på lokal forskrift

Den lokale forskrifta til Ålesund, Sula og Giske kommune sluttar onsdag 12. januar 2022 klokka 12.00. Det er dei nasjonale reglane som gjeld framover.

- Smittetrykket i Ålesundsregionen er no  lågare enn i  landet som heilheit. Det er dermed ikkje grunnlag for å ha strengare reglar lokalt, seier kommuneoverlege i Ålesund kommune, Alexander Wiig.

Dette betyr at dei lokale karantenereglane for unge under 18 år og elevar i vidaregåande skule vert oppheva.  

Meir informasjon om nasjonale råd og reglar.

Følger situasjonen tett

I alle dei tre kommunane er det no svært få som tek PCR-test og det er få som melder inn positive hurtigtestar.

- Sjølv om smittetala har flata ut, så tenkjer vi at det kan være ein del skjult smitte. Samtidig veit vi at omikron no er dominerande og smittar lett. Vi følger derfor situasjonen nøye og må også i tida framover være førebudde på å gjere naudsynte justeringar i tiltak, tilpassa dei lokale tilhøva. Smittesituasjonen kan endre seg raskt, seier kommuneoverlegen.

Dei nasjonale reglane gjeld fram til fredag 14. januar.

- Vi ser frem til nye nasjonale tiltak som er dekkande for situasjonen.

Til toppen