Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Slik skal arrangørane avvikle konfirmasjon i år

Klikk for stort bildeKommuneoverlege Jonas VegsundvågKonfirmantane i Ålesund må førebu seg på ei litt anna markering av den store dagen, enn kva ein kanskje hadde tenkt seg. (Saka oppdatert 19. august)    

Dersom ein skal ha privat fest i heimen er grensa på maksimalt 20 personar. Dersom du ynskjer fleire gjestar, må konfirmasjonen organiserast av ein profesjonell utleigar eller det må peikast ut ein ansvarleg frå vertskapet.

-Både utleigar og leigetakar kan vere arrangør, seier kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg.

Hotella og dei profesjonelle uleigarane har gode rutinar for slike arrangement. Men dersom du leiger det lokale idrettshuset, grendahuset eller den lokale foreininga sitt samlingslokale, så må det peikast ut ein ansvarleg for arrangementet.  

-I utganspunktet er at utleigar er ansvarleg. Men leietakar kan òg ta på seg ansvaret. Dei pliktar då å følge smittevernreglane. Utleigar og leietakar må avklare seg i mellom om kven som har ansvaret. Den ansvarlege pliktar då å sjå til at smittevernreglane vert fulgt,  seier kommuneoverlegen.

Les råda her. Dette er reglane som Folkehelseinstituttet har sett for private arrangement. 

Startar allereie til helga

I Ålesund startar konfirmasjonane allereie til helga. 22. august skal dei første konfirmerast i Spjelkavik kyrkje. Dei siste kristne konfirmasjonane skal avviklast i Ålesund kyrkje den 10. oktober. 

Dei humanistiske konfirmasjonane vert avvikla med fem seremoniar 3. - 4. oktober i Parken kulturhus. 

Mange har planlagt den store dagen i lang tid, og kyrkjene er godt førebudd på å gjennomføre gode og smittetrygge arrangement. Alle kyrkjene har innført ei grense for kor mange som kan komme inn, og foreldra har fått beskjed om kor mange som kan følgje konfirmanten til kyrkja. 

Klikk for stort bildeVi håper alle konfirmantar får ei minnerik og god oppleving. Men alle må hugse smitteråda, seier kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg. Må vise varsemd 

-Hovudbodskapen frå oss i kommunen, er at vi ynskjer at alle skal ha ei minnerik og god konfirmasjonsfeiring. Dette er ein milepel i livet, og ei viktig markering for svært mange, seier Vegsundvåg. 

Det er viktig å hugse at til større arrangementet er, til større risiko er det for spreiing av smitte. Det viktigaste er å følge ein metersregelen også ved slike arrangement, og sørge for at ein spritar hendene.

-For dei som leiger lokale, må ein hugse at lokala må vere store nok til at ein enkelt klare å halde ein meter mellom alle gjestane. Her er det viktig at kvar enkelt arrangør gjer vurderingar, seier kommunelegen.

Utleigarar og arrangørar må lage system som er i tråd med smittereglane. Det er verten eller utleigar som har ansvaret. Brot på smittereglane kan i verste fall føre til at ein blir meldt til politiet, understrekar Vegsundvåg. 

Som arrangør har du PLIKT å følge med, å se til at arrangementet er gjennomført i samråd med nasjonale smittevernsreglar. 

-Dersom ein får eit smitteutbrot etter eit arrangement, må arrangøren dokumentere  og vise til at dei har utført dei smittetiltaka som det er krav til. Mellom anna namnelister med telefonnummer til deltakarne.  Alle arrangørar må halde seg oppdatert heilt fram til arrangementet sin start. Forskrifta og råda kan endre seg frå ein dag til ein annan dag, seier Vegsundvåg.

Forskrift om smittevern: Covid 19 forskriften.  Kapittel 4. 

Dette er datoane for konfirmasjonar i Ålesund:

Spjelkavik kyrkje: 22.8.20, 23.8.20, 29.8.20, 30.8.20, 5.9.20, 6.9.20 12.9.20, 13.9.20 
Borgund kyrkje : 19.9.20, 20.9.20 
Ellingsøy kyrkje: 26.9.20 
Volsdalen kirke: 3.10.20 
Ålesund kirke: 10.10.20
Ørskog kyrkje: 5.9.20
Skodje kyrkje: 12.9.20, 13.9.20
Lepsøy kyrkje: 12.9.20
Brattvåg kyrkje: 19.9.20
Hildre kyrkje: 20.9.20
Haram kyrkje: 26.9.20
Vatne kyrkje: 3.10.20
Hamnsund kyrkje: 4.10.20
Harøy kyrkje: 5.9.20
Sandøy kyrkje: 12.9.20

Til toppen