Slik røysta formannskapet i tirsdagens møte

Tirsdag 14. mars var det formannskapsmøte, med ei rekke store og små saker. I denne artikkelen er det gitt ei skildring av eit utval saker. Om du ønskjer full oversikt over alle vedtaka, eller vil høyre argumentasjonen frå politikarane, så finn du protokoll og møteopptak via lenkene nederst.

Nærbilde av fleire folk i møte. Mann i fokus rekker opp fingeren. - Klikk for stort bilete Marit Brunstad / Ålesund kommune

Møtet starta med ei orientering frå økonomisjef Lars Fylling, om driftsrekneskapen frå 2022. Ålesund kommune ser ut til å styre klar av ROBEK, med ein knapp margin på 36 millionar. Driftsutgiftene er framleis for høge, men omstillingsarbeidet som har vert gjort, og som framleis held fram syner ei positiv effekt.  

Helt Med i arbeidslivet

Marianne Kreutz (Helt Med) og Hilde Ulla Berg (NAV) orienterte om Helt Med, som arbeider for utviklingshemma si deltaking i samfunnet gjennom arbeid. I dag er det langt færre utviklingshemma som er i arbeid enn det har vore tidlegare. Det er både synd for dei som ikkje får delta i arbeidslivet, og for samfunnet som går glipp av viktige ressurspersonar.  

Oppgåver som vert overtatt av utviklingshemma gjennom Helt Med, frigjer arbeidskapasitet i verksemda, slik dei andre tilsette kan fokusere på oppgåver berre dei kan gjere.  

Dei som vert tilsett gjennom Helt Med vert følgt opp av eigne jobbspesialistar, som gir rettleiing og støtte. Når ein er tilsett gjennom ei slik ordning kan ein framleis ta mot uføretrygd, samstundes som verksemda skal stå for ei lønn på om lag 20% av tariff.  

Ålesund kommune har satt seg som mål å opprette tre slike stillingar i løpet av 2023. 

Barnehage på Longva 

Etter ein lengre debatt stemte eit fleirtal av formannskapet for kommunedirektørens innstilling, om å ikkje vidareføre barnehagedrifta på Longva. Formannskapet var samrøystes i å ville ta saka vidare til kommunestyret, der ho vil bli endeleg behandla. 

Vertskommunesamarbeid 

Det var to saker oppe i formannskapet som var relatert til vertskommunesamarbeid mellom dei to nye kommunane, Haram og Ålesund 2024. Formannskapet var samstemde i ønsket om å organiserer kulturskulen som eit samarbeid, slik ein også har vald å gjere med til dømes landbrukskontor tidlegare. 

Kommunestyret hadde tidlegare vedtatt at det skulle vere eigne NAV-tenester i dei nye kommunane. Etter at fylkesdirektøren kom med ny informasjon har det vore tatt ei ny runde i kommuneutvala, der dei har teke stilling til om ein ønskjer å utgreie saka på nytt. Kommuneutvala kom til ulike konklusjonar, og saka vart derfor løfta til formannskapet. Eit fleirtal i formannskapet valde å gå for kommunedirektørens innstilling om å ikkje greie saka ut på nytt. 

Meir info

Om du vil lese resten av vedtaka gjort i formannskapet, kan du no lese protokollen i Innsyn.

Opptaket av møtet ligg ute på KommuneTV.