Slik gjer vi politiske møte tilgjengelege

Historisk sett har det vore eit fåtal i samfunnet som har hatt innsyn i korleis dei politiske prosessane utspelar seg. I dag er det lettare enn nokon gong å følgje med.   

Ein mann blar i sakspapir - Klikk for stort bilete Marit Brunstad / Sponland Foto

Digitale hjelpemiddel har gjort det mogleg å direktesende møte, og å gjere desse opptaka tilgjengelege for publikum i etterkant. Protokollar frå møta vert også lagt ut på nettet.

Slik kan innbyggarane etterprøve representantane sine, og få meir kunnskap om politikken i praksis.  

Få Innsyn 

På nettsida Innsyn kan ein sjå møteplan og andre opplysningar om dei ulike politiske organa. Ved å klikke på for eksempel kommunestyret, får du opp medlemmane og kontaktopplysningane deira.  

Klikkar du på møtedato, får du opp saksdokumenta til det aktuelle organet. Innkalling og saksdokument blir lagt ut om lag ei veke før møtet skal vere, og protokollen kjem i etterkant av møtet. 

Bilde av møteplanen på nettsida innsyn - Klikk for stort bileteMøteplan 2023 på nettsida Innsyn

KommuneTV  

Gjennom KommuneTV har innbyggarane lett tilgang til direktesendingar og opptak frå tidlegare møte.   

Når politiske møte vert sendt:  

Er alle saksdokument festa til bokmerke.  

Vert forslag festa til bokmerke, med forslagsstillar. Dette gjeld både forslaga som er innsendt før og undervegs i møtet.  

Vert alle vedtak festa til bokmerke fortløpande, med stemmetal og fullstendig liste over kven som har stemt kva.    

Ein kan sjå:  

Skriftleg oversikt over kven som hadde ordet i løpet av møtet   

Protokoll med vedtak og prosedyre- Dette vert lagt ut i etterkant  

Målet med desse tiltaka er å gjere dei politiske prosessane meir oversiktelege, og lettare å forstå. Det er også meir tilgjengeleg for dei med til dømes nedsett syn, høyrsel eller konsentrasjonsevne.

Her kan du lese korleis du kan bruke KommuneTV.

Bilde av nettsida KommuneTV - Klikk for stort biletePå KommuneTV kan ein både sjå direktesendingar, og opptak frå tidlegare møte

Universell utforming av digitale løysingar 

Forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar tek sikte på å fremme likeverdig samfunnsdeltaking, bygge ned og hindre nye digitale barrierar og hindre diskriminering.

Det er eit mål at bruken av digitale løysingar skal komme alle til gode, både dei med og dei utan funksjonsnedsettingar.   

Då må ein gjere dei digitale løysingane tilgjengelege, til gode for alle brukarane. Ei nettside som er utforma med omsyn til synshemma vil vere meir intuitiv og lett å lese for alle.  

Tilgangserklæring

Frå 1. februar 2023 er det krav om at alle offentlege verksemder må ha ei tilgangserklæring. Denne skal vise kva verksemda gjer for å gjere innhaldet sitt universalt utforma. Her kan du lese tilgangserklæringa for KommuneTV.