Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Slik er betalinga for SFO og barnehage rekna ut

Rekninga for SFO og barnehage, som har forfall 29. mai, er ikkje heilt slik du har vore vant til å sjå ho. Her får du forklaringa på korleis kommunen har rekna ut betalinga for desse tenestene.Klikk for stort bilde 

Regjeringa har bestemt at foreldre som har barn i barnehage eller SFO skal betale for tilbodet dei får frå og med 14. april.

Foreldre som har nytta omsorgstilbodet som kommunen har gitt i perioden frå 14. april og fram til ordinær opning av dei kommunale barnehagane 22. april og SFO 27. april, skal betale for plassen på vanleg måte for dette tidsrommet.

Dette er nedfelt i eiga nasjonal forskrift. Forskrifta slår fast at det skal krevjast ordinær betaling uavhengig av omfanget av tilbodet som vert gitt.

Det blir ordinær foreldrebetaling for barnehageplass frå og med 22. april. I SFO-ordninga vert det ordinær betaling frå og med 27. april.

Dei som vel å ikkje nytte plassen i barnehage eller SFO, må likevel betale for tilbodet dersom borna har fast plass.  

Slik blir neste faktura

Fakturaen du nå får, med forfall 29. mai, er utrekna slik:

Barnehage: Det er fakturert for opphald frå 22. april og for mai. I tillegg er det kreditert for stengde dagar i mars. For dei som har nytta omsorgstilbodet mellom 14. april og 21. april er dette inkludert i fakturaen.


SFO: Det er fakturert for opphald frå 27. april og for mai. I tillegg er det kreditert for stengde dagar i mars. Omsorgstilbodet mellom 14. april og 26. april vert lagt til på faktura for juni.

Om du ønsker meir informasjon, ta kontakt med din barnehage eller SFO.
 

Til toppen