Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Skal du studere i utlandet i haust? No kan du ta kontakt for vaksine

Vaksineillustrasjon - Klikk for stort bileteVaksineillustrasjon Ålesund kommune ber dei som skal studere i utlandet i haust om å sende ein e-post til kommunen. Dei vil då bli kontakta og få tilbod om første dose av koronavaksine allereie i veke 24 eller 25.  

 Dette må du gjere om du vil få vaksine før du skal studere i utlandet:

  • Send ein e-post til massevaksinering@alesund.kommune.no
  • Legg ved bekreftelse på studieplassen din som vedlegg i e-posten.
  • Skriv i e-posten kva tid semester startar opp og kor lenge du er heime i Ålesund før du drar.
  • Gi oss også ditt fulle namn og telefonnummer i e-posten.
  • Du vil da bli kontakta og få tilbod om vaksine.

Les meir om vaksinering i Ålesund på våre heimesider. Vaksineringa vil skje på Sparebanken Møre Arena i Ålesund sentrum.

Til toppen