Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Skal byte vatn- og avløpsleidningar eit steinkast frå Bybadet

Arbeidet vil vere i den austlegaste enden av Parkgata og eit stykke opp i Grensegata. Dette vil føre til ulemper for naboar når arbeidet startar opp 2. august og varer fram mot jul.Illustrasjonsfoto av gravearbeid med skifte av rør - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto  

Vil bli omvegar for deg som bur i området

Det vil bli anleggsstøy, skilta omkøyring og færre parkeringsplassar i gatene. Dei som køyrer må finne seg fornuftige omvegar alt etter kvar dei bur og kvar dei skal.

For dei som går i området blir det korte omvegar rundt arbeidsområdet som er sikra med bygg-gjerde. Gatene rundt er opne for trafikk.

Alle naboar har fått informasjon om arbeidet i digital postkasse.

Tidsperioden på stenging avhenger av kva ein finn i krysset

Stenginga er satt til jul 2021. Kva ein finn i krysset når det blir grave opp, korleis vêret blir i perioden og nokre tekniske faktorar rundt arbeid som skal utførast, kan påverke lengda på perioden.

Til toppen