Siste nytt

Sju nye smittetilfelle måndag 3. mai

Ein tilsett ved teststasjonen. - Klikk for stort bileteEin tilsett ved teststasjonen.Ålesund kommune har i løpet av måndag 3. mai fått meldt til sammen sju smittetilfelle med koronavirus.

  • To  har relasjon til utbrotet ved Vard Brattvaag og begge har vore i karantene. Den eine er overført til isolasjon ved Trohaugen i Vestnes, og den andre er i isolasjon i Ålesund.

    Det er no totalt 18 smitta relatert til dette utbrotet, 17 av dei er arbeidarar relatert til verftet.

  • Fem personar er relatert til pågåande utbrot ved Jugendbyen barnehage. Alle dei smitta har vore i karantene. Dette medfører karantene ved ein avdeling ved Tommeliten barnehage, der det har vore ventekarantene. Det er så langt påvist smitte hos seks tilsette og to barn i Jugendbyen barnehage. Det er til saman 13 smitta relatert til dette utbrotet.


Smittekjelder ved utbrota

  • Smitteutbrotet ved Vard Brattvaag har så langt ukjend smittekjelde. 
  • Alle andre smittetilfelle som vi no arbeider med, har sannsynleg eller sikker tilknytning til massesmitte-hendinga ved Toldboden helga 17.-18. april. Det gjeld óg utbrotet ved Subsea 7.
  • Til saman blei over 35 personer smitta denne helga i april.
  • Det totale tal på smitta relatert til Toldboden er no over 100 personar.

 

- Alle må følgje smittevernreglane, følge med på symptom og ha låg terskel for å teste seg. Smittesporingsteamet i Ålesund kommune, Giske kommune og bedriftene arbeider på spreng for å begrense smitteutbrotet mest mogleg, seier kommuneoverlege Olav Mestad.
 

Til toppen