Siste nytt

Situasjonsrapport for veke 52

Dette er status for smitte, utbrot, vaksinasjon, vurdering av smittesituasjonen og pågåande aktivitet for 27. desember 2021 – 2. januar 2022.

Smitta

Totalt 309 bekrefta smittetilfelle. Allereie i romjula fekk vi ein indikasjon på at inneverande rapporteringsperiode ville gi høge smittetal. Auken har stabilisert seg, likevel har tala for veke 52 ein auke på 80 prosent frå førre rapporteringsperiode.

Smittetilfelle fordelt på aldersgrupper:

  • 0 - 5 år: 12 personar
  • 6 - 12 år: 35 personar
  • 13 - 19 år: 21 personar
  • 20 - 40 år: 134 personar
  • 41 - 64 år: 84 personar
  • 65+ år:  23 personar

Smittetilfelle fordelt på vaksinasjonsstatus:

Del- og uvaksinert:          84 personar

Fullvaksinert:                    219 personar

Utbrot

Helse- og omsorgsinstitusjonar:

  • Vi har eit utbrot ved Bu-teneste midtre
  • Enkelte spreidde tilfelle i kommunale institusjonar

Skolar og barnehagar:

  • Screeningtesting før skolestart vil gi informasjon i løpet av 2 til 3 dagar

Vaksinar

88,4 % av alle over 16 år busette i Ålesund kommune har fått 2. dose.

Desse har fått tredje dose som oppfriskningsdose:

  • 24,3 % av alle i aldersgruppa 45-54 år
  • 36,2 % av alle i aldersgruppa 55-64 år
  • 87,2 % av alle i aldersgruppa 65-74 år
  • 93,7 % av alle i aldersgruppa 75-84 år
  • 83,1 % av alle i aldersgruppa over 85 år
  • Helsepersonell, mellom anna tilknytt legevakt, sjukeheim og legekontor

For meir informasjon om bestilling, drop-in og elles informasjon om vaksinasjonen i kommunen sjå alesund.kommune.no/koronavaksine

Vurdering av smittesituasjon og pågåande aktivitet

  • Ålesund sjukehus har saman med Molde sjukehus ein regional funksjon for behandling av personar med covid-19. Samla har sjukehusa per. 2. januar,  9 pasientar med covid 19. Oppdatert informasjon finst på nettsidene til helseføretaket. Det lokale helseføretaket har vore i gul beredskap sidan medio desember 2021.
  • Omikronsmitten har breitt om seg i regionen vår i siste del av desember. Dette har gitt utslag i raskt etablerte smitteklynger etter sosiale samlingar i juleferien. I dei fleste smittetilfella ser vi størst smitte i aldersgruppa 20 til 40 år, men også i gruppa eldre vaksne har smitten auka kraftig.
  • Det er registrert ein totalauke i tal smitta på nær 80 prosent samanlikna med veke 51.
  • Låg testaktivitet i juleferien, saman med forseinkingar i analysesvar som følgje av nyttårshelga, kan ha gitt ei underrapportering samanlikna med veke 51. Først mot slutten av inneverande veke vil vi få eit klarare bilde av smittesituasjonen. Då vil òg resultatet av testing før skolestart vise seg.

Gjeldande reglar

Ålesund kommune har framleis lokal forskrift som varer til 5. januar kl. 12.00. Det blir gitt i Ålesund, Sula og Giske ikkje unntak frå karanteneplikt for personar under 18 år Ålesund, Sula og Giske vidarefører lokal forskrift om karantene  - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

Nasjonalt gjeld reglar og råd som finst her Koronavirus - helsenorge.no

Pressemelding om smittetal og vaksinasjonen blir send ut vekesvik som fast rutine. Neste oppdatering skjer måndag 10. januar. Daglege smittetal og utvikling kan elles følgjast via VG: Coronaviruset: Status i Ålesund kommune og Noreg (vg.no)

Til toppen