Signerte kontrakt for bygging i Ålesund sentrum

Torsdag 25. mai signerte Møre og Romsdal fylkeskommune kontrakt med Aco Anlegg AS for bygging av nytt kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum. 

Fylkeskommunen signerer kontrakt med Aco om nytt kollektivknutepunkt i sentrum og poserer foran kamera. - Klikk for stort bileteAco Anlegg signerte kontrakta torsdag 25. mai. Frå venstre: Torbjørn Vatnehol, Hanne Skrede og Kannan Ponnampalam frå fylkeskommunen. Thea Elise Vestre Aasen og Asle Drabløs frå Aco Anlegg AS. Dagleg leiar Tarjei Rødset var ikkje til stades. Møre og Romsdal fylkeskommune

ACO Anlegg vann anbodet, og er klare til å bidra til ei oppgradering for sentrum som eit av prosjekta i Bypakke Ålesund. Dei var også entreprenør for tiltaka som blei gjort for tryggare skuleveg fleire stader i 2022.  

Det er flott at vi får ACO Anlegg med på laget. Vi har samarbeida godt med dei tidlegare, og det er ekstra gledeleg at det er ein lokal entreprenør, seier Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar i Bypakke Ålesund.

Kontraktsummen for oppdraget er på 74 millionar kroner eks. MVA. Aco Anlegg fortel at dei er svært tilfredse med å ha fått jobben i Ålesundsgatene, som i lokal målestokk er ein stor jobb.  

Vi ser på jobben som krevande med tanke på all trafikken som er tett på anlegget, seier Tarjei Rødset, dagleg leiar i Aco anlegg. Det blir viktig at vi får lagt gode planar for gjennomføringa og at prosjektet i så liten grad som mogleg blir ei belastning for trafikk og næringsdrivande.

ACO Anlegg planlegg å starte opp arbeidet i Korsegata i midten av juni, men dette vil Bypakke Ålesund gje ytterlegare informasjon om. Første del av prosjektet skal vere ferdig i november. 

Meir effektiv bussavvikling 

Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom Hessa og Moa. Med ny løysing for buss i sentrum blir det av- og påstiging i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata. Prosjektet vil også frigjere plass til vidare utvikling av Sørsida.

Dette blir ein del av eit meir effektivt buss-system for heile byen, i tillegg til at området blir finare å opphalde seg i, seier Vatnehol.

Byggearbeidet vil foregå i etappar, og det vil heile tida vere mogleg for fotgjengarar å gå gjennom gatene på tilrettelagte gangvegar. Fylkeskommunen er i dialog med næringsdrivande om mellombelse løysingar for varelevering og tilkomst til garasjeanlegg.

Byggetida blir om lag 1,5 år.

Illustrasjon over korleis Ålesund sentrum vil blå sjåande ut etter bygginga av det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteProsjektet blir eit løft for gatene i Ålesund og det blir betre tilrettelagt for buss. Dronninga Landskap