NTNU og Ålesund kommune har lenge arbeidd for å etablere ein universitetskommune. Den første avtalen er no signert.
Fakultet for medisin og helsevitenskap ved NTNU og kommunen skal gjennom prosjekt Ålesund universitetskommune – smart helse og velferd (PDF, 164 kB), utvikle løysingar for å handtere dei store utfordringane innan helse og omsorg i åra som kjem. Talet på eldre er aukande samtidig som det er stor mangel på kvalifisert personale.
Gjennom prosjektet skal partane styrke samarbeidet mellom kommunehelsetenesten og universitetsmiljøet.
Rådmann i Ålesund kommune, Astrid J. Eidsvik og dekan ved fakultetet for medisin og helsevitenskap ved NTNU, Björn Gustafsson signerte avtalen i kommunestyresalen.
Rådmann Astrid J. Eidsvik og dekan Björn Gustafsson under signering av universitetskommuneavtalen
Ålesund kommune
- For Ålesund kommune er det veldig viktig at vi kan underteikne ein universitetsavtale med NTNU. Dette er med på å bygge innovasjonskraft i kommunen og auke forskinga innan offentleg sektor. Avtalen vil gjere at vi kan vidareutvikle og styrke det faglege samarbeidet retta mot forsking, utdanning og nyskaping - noko som på sikt vil gje betre kunnskap og dermed betre tenester for innbyggarane, seier rådmann, Astrid J. Eidsvik.
- Helse er sterkt prioritert ved NTNU, og for innbyggarane i Ålesund betyr avtalen at vi skal bygge opp primærhelsetenesten som ein arena for forsking og nyskaping. Dette vil være eit gode for alle innbyggarane i regionen, seier dekan ved Fakultet for medisin og helsevitenskap ved NTNU, Björn Gustafsson.
Prosjektet skal blant anna utvikle kunnskap som fremmer folkehelse og helseleiing, og sikre kvalitet og relevans i helsefagutdanningane gjennom oppgåver på bachelor-/masterutdanninga som kan vere nyttig for praksisfeltet.
NTNU i Ålesund og Ålesund kommune samarbeider allereie om prosjekt innan klinisk sykepleie, helsetenesteforsking og velferdsteknologi. Prosjektet er ei vidareutvikling av dette samarbeidet.
Kommunen og NTNU arbeider også med å inngå ein avtale om universitetskommunesamarbeid om smarte berekraftige samfunn.
Du kan lese heile avtalen om samarbeid innan smart helse og velferd her:
Ålesund universitetskommune - avtale (PDF, 164 kB)