Sesongens vaksinasjon for influensa og korona er i gang

Hausten er her, og med den kjem behovet for mange å vaksinere seg mot korona og influensa. Er du i risikogruppa? Veit du kvar du kan få vaksine? Her får du svar på dei viktigaste spørsmåla.

Foto av kvinne i uniform som holder en vaksinesprøyte - Klikk for stort bilete

No har Ålesund kommune og mange andre kommunar i vårt område sett i gang med å vaksinere risikogruppene for influensa og korona. Du kan få vaksine ved dei aller fleste fastlegekontor, Medi 3 og ved eigen kommunal vaksinestasjon. 

Bestill time

Ta kontakt med fastlegekontoret ditt via heimeside, facebookside eller telefon. Det vert organisert litt ulikt ved dei forskjellige fastlegekontora. 

Ålesund kommune sin vaksinestasjon har frå veke 45 vaksinedager kvar tysdag og torsdag. Bestill time her om du ikkje har tilbod hos fastlegen din. Vaksinestasjonen er på Moa helsehus, med inngang på sørsida.

Siste vaksinasjonsdag ved vaksinestasjonen er torsdag 30. november.

Bestill time til vaksinestasjonen her

Kvar får ein vaksine? 

Lurer du på om du kan få vaksiner ved ditt fastlegekontor? Sjekk i denne oversikta:

Kommunal vaksinestasjon

NB! Siste dag med vaksinestasjon er 30. november.

Som eit tilleggstilbod vert det sett opp ein kommunal vaksinestasjon på Moa helsehus, som eit ekstratilbod for å avlaste fastlegekontora noko. Obs, inngangen til vaksinestasjonen er frå Moa parkering, på sørsida av helsehuset.

Det er vaksinasjon både tysdagar og torsdagar. Det er mogleg å komme på drop-in, men det er ikkje sikkert at det er kapasitet nok til å ta i mot alle. For å vere sikre seg vaksinar må ein bestille time i Helseboka.

Merk at koronavaksinen er gratis, og at begge vaksiner kan setjast samtidig. Influensavaksinen varierer noko i pris, men rettleiande pris er 300 kroner for dei i risikogruppa.

Dersom kapasiteten er veldig låg, kan det vere at ein ikkje får sett begge vaksinar. I so fall er det sagt at å setje koronavaksinen vert prioritert.

Ein kan betale med Vipps eller med faktura. Det er ikkje mogleg å betale kontant.

Vil du ha meir informasjon om vaksiner til vaksne? Sjekk Folkehelseinstituttet sine eigne sider.

Er du i målgruppa?

Risikogruppa er anbefalt å vaksinere seg mot influensa, og den same gruppa får no også tilbod om oppfriskningsdose mot koronavirus. Den nye vaksinen beskyttar mot omicronvarianten og beskyttar godt mot alvorleg forløp av Covid 19. 

Målgruppa for koronavaksinen er omtrent den same som målgruppa for influensavaksinen: 

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar  
  • Alle frå fylte 65 år 
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine  
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år. 
  • Barn og vaksne med: 
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma) 
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk) 
    • diabetes type 1 og 2 
    • leversvikt eller nyresvikt 
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft 
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, hiv, reumatoid artritt og andre sjukdommar) 
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40) 
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader)  

Årets influensavaksine vert i tillegg anbefalt til: 

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesten som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie 
  • Personar som bur saman med (eller er like nære) nokon med dårleg immunforsvar 
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar 
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.