Siste nytt

Ser du etter nokon å feire jul saman med?

Vi inviterer til open julefeiring på rådhuset i Ålesund. Du kan komme som du er og du gir eit viktig bidrag med nærværet ditt, seier Eva Bråland Sætre, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon Møre i lag med sjukehusprest Odd Erling Vik NordbrøndEva Bråland Sætre frå Kirkens Bymisjon Møre og Odd Erling Vik Nordbrønd er vertskap for julekvelden i kommunestyresalen på Ålesund Rådhus. - Klikk for stort bilete 

Saman med Kirkens Bymisjon Møre , Ålesund Røde Kors, Ålesund Frivilligsentral og Ålesund og Volsdalen forsamling står bak den opne julefeiringa. Vi samarbeider om tilrettelegging og stiller med kommunestyresalen som lokale. Ordførar Eva Vinje Aurdal vil òg komme med ei helsing sjølve julekvelden.

Kirkens Bymisjon har feira jul på Bymisjonssenteret i fleire år, men lokalet har vore for lite til at alle som kan komme.

- Vi har ein visjon om å få til ei fast feiring der alle kan få komme», seier Eva Bråland Sætre, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon Møre. Det har vi ikkje kapasitet til åleine, og då er dette samarbeidet verdifullt.

Vertskap for kvelden er Eva Bråland Sætre, som har invitert med seg Odd Erling Vik Nordbrønd, sjukehusprest. Eit godt knippe av frivillighet frå dei ulike arrangørane står for pynting, servering og opprydding.

- Vi har førebudd ein hyggeleg julefeiring med tradisjonelle programpostar, seier Eva og Odd Erling. Men ein viktig del er det sosiale samværet, og der kan alle som kjem gi eit viktig bidrag.

Eit godt samarbeid

Kirkens Bymisjons eigen kokk, Catrine Myklebust, har ansvar for maten. Ho har fått bistand av frivillige frå Kokkenes Mesterlaug Møre og Romsdal. Kommunen stiller med kantina for matlaginga.
Arrangementet er gratis for alle som vil, og Sparebanken Møre er hovudsponsor for arrangementet.

- Dette er eit godt døme på samskaping mellom kommune, frivillighet, medborgarar og næringsliv, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

- Ålesund kommune har som kjent trong økonomi, men vi har mange andre ressursar å bistå med. Tilsette bidrar i tilretteleggingen og vi tilbyr lokala våre.

Meld deg på

Det er frivillige frå arrangørane som står for sjølve gjennomføringa av arrangementet på julekvelden.
Påmelding kan skje til ein av arrangørane i lista under. 

Til toppen