Siste nytt

Seks nye tilfelle av koronavirus / Hatlane omsorgsenter opna for besøk igjen!

Illustrasjon av korona - Klikk for stort bileteIllustrasjon av koronaTorsdag 7. januar fekk Ålesund kommune meldt om seks nye tilfelle av koronavirus. I tillegg blei det bestemt at Hatlane omsorgssenter kan opne opp att for besøk. 


Status på seks nye smittetilfelle: 

  • Fem av tilfella vart påvist hos personar i innreisekarantene.
  • Ein person som har vore i smittekarantene har óg fått påvist koronavirus. 
  • Alle er no i isolasjon.
  • Alle nærkontaktar er i karantene.

 

Hatlane omsorgssenter opna for besøk igjen

Torsdag 7. januar opna Hatlane omsorgssenter for besøk igjen. Omsorgssenteret har vore stengt sidan 30. desember etter at ein tilsett fekk påvist koronavirus.

Alle pasientar og øvrig personale har testa negativt på opptil fleire koronatestar. Alle nærkontaktar er no ute av karantene. Det er ikkje påvist smitte hos nokon av pasientane eller tilsette.

Til toppen