Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Samarbeid om smart helse og velferd i gang!

Onsdag 9. september møttest Ålesund kommune og NTNU i Ålesund for saman å finne løysingar på konkrete utfordringar innan helse og velferd. Kommunen fekk presentere sine utfordringar og NTNU la sin kompetanse på bordet.

Klikk for stort bildeWork shop for smart helse og velferd Ålesund kommune  

Bakgrunn

Utgangspunktet for samarbeidet er at Ålesund kommune har ein Universitetskommuneavtale med NTNU.

Den eine delavtalen av Universitetskommuneavtalen er er innan smart helse og velferd (PDF, 164 kB) og handlar blant anna om oppbygginga av primærhelsetenesta som arena for forsking og nyskaping.  Prosjektet skal utvikle løysingar for å handtere dei store utfordringane innan helse og omsorg i åra som kjem – talet på eldre er aukande, samtidig som det er stor mangel på kvalifisert personale.

Work shop

Klikk for stort bildeWork shop for Ålesund kommune og NTNU Rundt 20 personar frå Ålesund kommune og NTNU var samla på work shop på Ålesund framtidslab. Dei som var med frå kommunen trakk fram reelle problemstillingar som dei ønsker hjelp til å løyse og NTNU fortalde om kva kompetanse dei kan tilby.

Målet med samarbeidet er å bruke kommunen som lab for forsking og nyskaping. Dette vil kome innbyggarane til gode gjennom konkret å ta for seg dei enkelte tenestene og sjå korleis dei kan bli betre.

 

 

 

Work shop om konkrete prosjekt

Deltakarane på work shopen var frå aktuelle område ved NTNU og i kommunen. Dei såg på kva for område det er naturleg å samarbeide om på kort og lang sikt. Spørsmålet er kva vi kan gjere for å vere smartare, treffsikre og effektive i tenestene til innbyggarane innan smart helse og velferd.

Work shopen sitt mål var å få idear, innspel og tankar knytt til behov hos tenestene opp på bordet og diskutere hvilke av dei partnarane skal gå vidare med  på kort og lang sikt..

Til toppen