Saman for pasientane si helseteneste 

Helseplattformen er ikkje berre eit nytt journalsystem det er også eit samhandlingsverktøy, også med Helse Møre og Romsdal.

Ann Kristin og Henrik Erdal - Klikk for stort bilete

Kommunen har difor både i førebuande aktivitetar og no når vi tek i bruk løysinga tett samarbeid med mellom andre representantar frå helseføretaket, med sikte på at Helseplattformen skal vere eit godt verktøy for pasientar og tilsette.   

Torsdag 4. mai var dei samla til ei felles økt på rådhuset i Ålesund for erfaringsutveksling.  

- Eg er imponert over det kommunen har fått til så langt med Helseplattformen, seier Henrik Erdal, som er fagleg leiar for Helseplattformen i helseføretaket, da han ga innføringsleiar i Ålesund kommune, Ann Kristin Røyset blomar.     

I lag med han frå helseføretaket var Kirsti Margrethe Hamar, innføringsleiar for Helseplattformen og Asbjørn Kjellsvik, IKT konsulent og E-meldingsansvarleg.  

Kristi legg til at: 

- Dette er starten på eit godt og tettare samarbeid som kjem når helseføretaket tar i bruk løysinga neste år. 

Også god intern samhandling 

Bløtkake frå helseføretaket - Klikk for stort bilete

Tillitsvalte og verneombod er samarbeidspartnarar, og har representantar i styringsgruppa for Helseplattformen i Ålesund kommune. 

Dette er ekstra viktig meiner lokal innføringsleiar i kommunen, Ann Kristin Røyset. 

 - Vi er blitt mykje betre på samhandling internt i kommunen og med samarbeidspartnarar. Vi har lært er det nyttig med overlappande møter og vil ha tett samarbeid vidare.