Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Sakspapir til møte i Ålesund formannskap 20.10

Kommunedirektør Astrid Eidsvik.jpg - Klikk for stort bildeKommunedirektør Astrid Eidsvik.jpg Ålesund kommune Formannskapet skal 20. oktober behandle kommunedirektøren sitt forslag til årsbudsjett 2021 og økonomiplan for 2021-2024. Sjå video med presentasjon av hovudtrekka. Du finn óg sakspapir til møte i denne nettsaken. 

Sakspapir og aktuelle lenker

Alle sakspapir knytt til sak om årsbudsjett  blir lagt her.  Innsyn er mellombels nede. 

Tertialrapport per 31. august 2020

 

 

Kommunedirektøren har laga ein kort videopresentasjon om andre tertialrapport og sitt forlag til årsbudsjett for 2021 og økonomiplan for 2021-2024. 

Gå til forslag til budsjett 2021 og økonomi og handlingsplan for 2021-2024

Status for Ålesund kommune per andre tertial

  • 2020 – eit langt meir krevjande år enn forventa!
  • For høgt driftsnivå «arva» frå dei gamle kommunane (212,5 mill kr)
    • Omstillingsarbeidet er godt igong.  
  • Koronapandemien har prega organisasjonen.
    • Auka kostnader.
    • Pandemien gjer at vi ikkje får arbeidd med dei områda vi skulle dette året m.a. kulturbygging, harmonisering og omstilling. 


Status per andre tertial 

  • Prognostisert resultat for året er 159 mill. kr*. (* Etter årsoppgjersdisposisjonar)
  • Dersom denne prognosen blir det endelege resultatet, vil vi akkurat balansere på grensa til å kome på ROBEK.
  • Etter første tertial var prognosen for rekneskapsmessig meirforbruk på 300 mill. kr.
  • Etter andre tertial er prognosen 277 mill. kr.
  • Justert for koronautgifter ville prognosen vore 62 mill. kr etter 2. tertial.
  • Hadde deflatoreffekten slått til, ville prognosen vore ytterlegare 86 mill. kr betre.
  • Tiltaka som er iverksett etter 1. tertial har hatt ønska resultat så langt med 130 mill. kr.

Meirforbruk_tenestene_budsjett.png - Klikk for stort bildeMeirforbruk_tenestene_budsjett.png

Årsbudsjett 2021 - økonomiplan 2021-2024


Hovudtrekka i budsjettet er: 

  • Driftsrammene er svært utfordrande.
  • Utfordringsbilete: 308 millionar kroner i 2021


Korleis fordeler vi rammene for neste år?

  • Fordelt prosentvis likt mellom kommunalområda, med ei viss justering mot «kostranøytralitet». 
  • Styrer mot ressursfordeling som skal nærme seg snittet i kostragruppa. 
  • Utfordringsbiletet aukar kvart år i planperioden.
  • Meirforbruk i 2020 kjem i tillegg, og må dekkjast inn seinast i løpet av 2022.

 

Fordeling mellom kommunal- og stabsområda

Slik ser krav til omstilling ut etter denne modellen:

Fordeling mellom kommunal-og stabsområda.png - Klikk for stort bildeFordeling mellom kommunal-og stabsområda.png
 


 

Hovudtrekka i budsjettet 

  • Kommunen sine investeringsbehov er store, medan investeringskapasiteten er avgrensa.
  • Fleire store investeringar må skyvast på, slik at vi ikkje aukar finanskostnadene i for høgt tempo som gir høge driftsutfordringar på toppen av allereie anstrengt budsjett.

- Vi treng å jobbe i saman både leiarar, tillitsvalte, tilsette, politikarar og innbyggarane skal vi klare dette, sa kommunedirektør Astrid Eidsvik i presentasjonen til leiarane i kommunen. 


Sjå meir utdjupande i webversjonen av årsbudsjett for 2021 og økonomiplan for 2021-2024 
 

Politisk sakshandsaming

Saka om andre tertial og budsjett 2021 og økonomiplan skal til politisk behandling i formannskapet sitt møte 20. oktober, samt i kommunestyret i november 2020. 

Til toppen