Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Rydd for TV-aksjonen

Bli med på TV-aksjonen ved å rydde plast der du bur! For kvar sekk du leverer inn så sponsar ei lokal bedrift 100 kroner til TV-aksjonen. Ryddeaksjonen varer til 1. november. 
Klikk for stort bilde   

Slik registrerer du deg

Registrer deg her.     

Meld deg på med namn og talet på sekkar, og bli med i trekninga av mange, flotte gåvekort frå Atlanterhavsparken, Leikeland, Trampolineparken/Sportsparken, Storsenteret, Håp i Havet, Odeon og Amfi Moa. Vinnarane blir trekte 19.oktober.

Her finn du oversikt over sponsorar.  (PDF, 100 kB)

Her kan du hente plastsekkar og hanskar

  • Circle K Brattvåg
  • Skodje Coop
  • Fjørtoft Coop
  • Lepsøy Joker
  • Haramsøy Coop
  • Ørskog Stop69
  • Harøy Coop
  • Skarbøvika Kiwi
  • Vatneeidet Coop
  • Søvik bensinstasjon
  • Ellingsøy Spar Stokke
  • Moa Esso
  • Hatlane Circle K
  • Ysteneset YX
  • Vegsund Shell

Om du planlegg for ein større aksjon med fleire deltakarar, kontakt Sunnmøre friluftsråd (annhelen@friluftsraadet.no) for utstyr. 

Sekkane blir levere i merka containerar her

  • Ørskog rådhus
  • Skodje rådhus
  • Vatne ungdomsskule
  • Brattvåg brannstasjon
  • Søvik barneskule
  • Spar Stokke
  • Dronning Sonjas plass i sentrum
  • Magerholm fergekai
  • Spjelkavik (ved Vasstrandvegen og tidlegare miljøstasjon)
  • Spar Stokke
  • Harøya Rosteinlageret, ved Gamle Kvalen
  • Davik småbåthavn, Fjørtofta
  • Rognekaia, Haramsøya
  • Småbåthavna på Longva
  • Lepsøya, kara på Lausundholmen

Det vil vere eige opplegg for innsamling av sekkar på Nordøyene, sjå meir informasjon Ålesund frivilligsentral på Facebook. For meir informasjon om sjølve TV-aksjonen gå inn på www.blimed.no

Til toppen