Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

Siste nytt

Rustar seg til å ta vare på koronasjuke

Ålesund kommune tar sikte på å kunne ta i mot pasientar med koronasmitte frå neste måndag.  Det vil gjelde dei som er for sjuke til å vere heime, men for friske til å ligge på sjukehus.

udit Molvær, (f.v.) Elisabeth Hessen, Astrid Helen Vatne og Per Løkkeborg er klar til å ta mot koronapasientar ved sengeposten på Ålesund lokalmedisinske senter. Den ligg i tilknytning til legevakta, og legevakta skal vere med å avgjere kven som skal leggast inn her.  - Klikk for stort bildeJudit Molvær, (f.v.) Elisabeth Hessen, Astrid Helen Vatne og Per Løkkeborg er klar til å ta mot koronapasientar ved sengeposten på Ålesund lokalmedisinske senter. Den ligg i tilknytning til legevakta, og legevakta skal vere med å avgjere kven som skal leggast inn her.  Øyvind Heggstad Ti senger ved Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald, kjent som ØHD-avdelinga ved Ålesund legevakt,  vil frå måndag stå klare til å ta mot pasientar som er smitta av koronaviruset.

ØHD-avdelinga er eit samarbeid mellom Ålesund, Giske, Sula, Vestnes og Fjord kommune. Avdelinga er meint til å gi eit observasjonstilbod i inntil tre dagar for pasientar som kjem til legevakta, men som ikkje skal leggast inn på sjukehus.

No er delar av avdelinga rusta til å ta mot koronasmitta pasientar.

Vi skal kunne ta mot pasientar frå alle samarbeidskommunane. Tal plassar kvar kommune har til rådvelde, er regulert i avtalen. Men vi har planar for utvidingar, dersom behovet for fleire plassar melder seg, fortel verksemdleiar legetenester og akutt helseberedskap, Per Løkkeborg.

Kan utvide på kort varsel 

ØHD-klinikken har etablerte eigne smittesluse inn til "korona-avdelinga" - Klikk for stort bildeØHD-klinikken har etablerte eigne smittesluse inn til "korona-avdelinga"I så fall er planen å ta i bruk fjerde etasje, som sjukeheimen i dag nyttar. Då vil fastbuande på sjukheimen flytta til andre institusjonar i samråd med pårørande. 

Dette vert gjort dersom behova melder seg. Førebels har vi no ti plassar som er sett av til pasientar med koronasmitte. Dette er pasientar som er for sjuke til å klare seg sjølv heime, men for friske til at dei skal ligge på sjukehus, seier Løkkeborg.  

Avdelinga skal bemannast med fire på dagvakt, tre på kveldsvakt og to på nattevakt. Men aukar behovet, skal også bemanninga styrkast.  

Flytter fastbuande frå Ålesund lokalmedisinske senter

Dette betyr at fastbuande på Åse kan bli flytta til ei mellombels sjukeheimsavdeling med senger ved Eidet omsorgssenter og Ørskog sjukeheim.

I første omgang er det aktuelt å flytte eit par pasientar. Då får vi kapasitet til å ta mot inntil 16 pasientar med koronasmitte frå måndag 30. mars, fortel assisterande kommunalsjef Torfinn Vingen.

Pasientane skal framleis vere trygge på at dei får forsvarleg helsehjelp.

Vi gjer dette for å avgrense smitte og auke sengekapasiteten. Sjølvsagt har vi nedprioritert oppdrag, for det meste hos heimetenesta, men vi skal følgje opp og gje den helsehjelpa som trengst, legg kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes til.

Ein føresetnad for å etablere sengepostane, er at ein får nok personale.  Kommunen vil omdisponere mannskap i tillegg til å hente inn ressursar eksternt. 

Ny smittevernrobot kjøpt inn 

Sindre Søvik Erstad viser fram kommunens sitt siste våpen i kampen mot koronasmitta. - Klikk for stort bildeSindre Søvik Erstad viser fram kommunens sitt siste våpen i kampen mot koronasmitta. Ein smittevernrobot som ved hjelp av hydrogenperoksid kan smittesanere eit rom på to timar  ØHD-avdelinga har også leasa ein ny smittevernrobot. Dette er den første i Ålesund kommune. Roboten drep 99.98 prosent av alle mikrobar, virus og bakteriar i eit rom.

Dette vert gjort ved at rommet vert forsegla, og roboten slepp ut ei gassky av hydrogenperoksid. Sjølve smittesaneringa tar to timar. 

Det er Sindre Søvik Erstad ved ØHD-avdelinga som administrerer bruken av roboten. Fleire tilsette ved Ålesund lokalmedisinske senter har no fått opplæring i bruk av roboten.  

Dersom vi får smittetilfelle ute på institusjonane, kan ein frakte roboten ut. Gjere smittesanering og frakte han tilbake til Åse. Det er viktig at rommet er reingjort for organisk materiale, før ein gassar ned rommet, seier Erstad.

Etter ein halv time med utlufting, er rommet sterilt og klar til bruk for nye pasientar.  

Til toppen