Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Siste nytt

Ruskenaksjonen 2020

Klikk for stort bildeForsøpling i naturen Jasmin Sessler Vi tilbyr henting av avfall som blir samla inn langs vegar og stiar og i friområde. Meld deg på Ruskenaksjonen og vårryddinga i veke 22 og 23. 

Rusken-avfall gjeld avfall som blir samla inn langs vegar og stiar og i friområde. Det er eigne aksjonar for blant anna strandrydding her i kommunen.

Påmelding på e-post i veke 22 og 23

Indre og nordre (gamle Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy): post@arim.no
Ytre (gamle Ålesund): rusken@alesund.kommune.no 

Dette må med i påmelding

  • Arrangør (f.eks ei velforening)
  • Kontaktperson for hentinga
  • Fullt namn og telefonnummer 
  • E-postadresse
  • Nøyaktig henteadresse, berre eitt hentepunkt
  • Ønska hentedato kvardagar mellom 15.06.20 - 26.06.20 (for gamle Ålesund) og ønska dag i henhold til  renovasjonskalender (for gamle Haram, Skodje, Ørskog og Sandøy)

Om henting

Dei som ynskjer å delta i oppryddinga kan få utlevert avfallssekkar på næraste miljøstasjon. Avfallet må samlast i handterlege sekkar og settast fram til køyrbar veg. Sekkane må ikkje innehalde større gjenstandar, stein, metall eller farleg avfall. Det avfallet som ikkje går i sekk, må ein sjølv bringe til ein miljøstasjon. 

Henting av avfall skjer etter avtale og seinast i veke 26.

I indre og nordre del av kommunen vil avfallet bli henta på vanleg renovasjonsrute for restavfall, maks 5 meter frå vegkant.

Hageavfall kan leverast gratis på din miljøstasjon heile året. 

Andre ryddeaksjonar

Til toppen