Reglement for folkevalde, politisk delegeringsreglement og fastsetting av arkivansvar

Torsdag 28. september var det Kommuneutval møter i både Ålesund og Haram. Felles på begge sakslister var Fastsetting av arkivansvar.

Ålesund kommuneutval - Klikk for stort bileteÅlesund kommuneutval Ellen Taraldset

Både i Ålesund og Haram valde ein å tilrå kommunedirektøren si innstillinga, om følgande fordeling av arkivansvar og driftkostnadar: 

  • Haram 2024 vert arkivansvarleg for alt arkivmateriale som tidlegare Haram kommune var ansvarleg for før 2020
  • Ålesund 2024 vert arkivansvarleg resterande arkivmateriale, jamfør punkt 1
  • Ålesund 2024 vert arkivsansvarleg for arkiv frå dagens Ålesund kommune (fellesperioden)
  • Ålesund 2024 og Haram 2024 berer kostnadar til forvaltning av dei arkiv dei vert arkivansvarlege for.
  • Haram 2024 dekker kostnadane som følgjer med drift av kopidatabase tilknytt Haram 2024 sitt arkivsystem.

 

Reglement 

I Ålesund vart det tatt opp saker om kva reglar dei folkevalde og den politiske delegeringa i Ålesund kommune bør følge i den nye kommunen. Her vart kommunedirektøren si innstilling om at Kommuneutvalet skal slutte seg til fleirtalsinnstillinga vedtatt. Det vart og vedtatt i oppgåveutvalet om inndeling av hovudutvala slik:

 

  • Hovudutval for oppvekst og kultur
  • Hovudutval for helse og omsorg
  • Hovudutval for samfunn og miljø


Delegeringsreglementet skal leggast fram for det nye kommunestyret i Ålesund for endeleg vedtak.

Elles stor desse sakene på lista i Ålesund:

  • Varetaking av betalingsplikter og årsregnskap og årsmelding for 2023 for noverande Ålesund kommune i noverande Ålesund kommune 
  • Vedtekter for Møre og Romsdal 110-Sentral Ålesund KF

 

Ålesund

Møteprotokollen viser alle vedtaka, og du kan sjå opptak frå møtet på KommuneTV

Haram

Møteprotokollen viser alle vedtaka, og du kan sjå opptak frå møtet på KommuneTV