Siste nytt

Regjeringa innfører fleire nasjonale smitteverntiltak

Bilde av video frå regjeringa sin pressekonferanse - Klikk for stort bileteBilde av video frå regjeringa sin pressekonferanseRegjeringa har innført ei rekke tiltak og pålegg som gjeld frå 4. januar og fram til 19. januar. (Forlenga ein dag) Mellom anna blir alle oppmoda til å ikkje ha besøk heime, det blir forbod mot å skjenke alkohol og det blir avgrensingar på kor mange som kan samlast i leigde lokaler. 

For å halde kontrollen på smittespreiinga og hindre auke i smitta, blir det sett i verk nye strenge nasjonale smitteverntiltak. Førebels i to veker frå 4. januar.

– Vi har etter jul sett at færre testar seg, og av dei som testar seg går andelen positive testar opp. Smitten er aukande og sprer seg til nye delar av landet. Eg ber no om at alle blir med på eit krafttak for å unngå ei ny smittebølge, seier statsminister Erna Solberg.

Basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa bestemt å stramme inn smitteverntiltaka og justere dei nasjonale anbefalingane slik at kommunane har kapasitet til å handtere lokale utbrot og få på plass meir testkapasitet. Registreringssystemet for tilreisande frå utlandet skal samstundes fasast inn.

– Føremålet med dei nye strenge tiltaka er å bryte ei eventuell ny smittebølge. Vi må no vente med å ta opp att det sosiale livet til det har gått 14 dagar, i det som blir in sosial nyttårspause for alle, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Tiltaka vil førebels vare i fram til 19. januar.

– Kommunane treng også tid og ressursar til å planlegge og gjennomføre oppstart av vaksinasjon. Det er eit stort og viktig arbeid, og då blir det vanskeleg for kommunane å handtere mange lokale utbrot samstundes, seier Høie.

Anbefalingar for alle i heile landet

Sosial kontakt

Unngå å ha gjestar heime. Vent 14 dagar med private besøk. Unnatak for nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i siste fase av livet. Aleinebuande kan ha besøk, eller gå på besøk med ein til to faste vener, eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskolar kan ha besøk frå eigen kohort. 

Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangementer og livssynssamlingar innandørs, anbefalast utsett til etter 19. januar. Dette gjeld óg alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/grupper (kohortar). 

Reiser

Unngå alle unødige reiser i inn- og utland. Hytteopphald med personar fra same husstand fer framleis ikke frarådt innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld. 

Skoler og utdanning

  • All undervisning og alle planlagte arrangement ved universitet, høgskolar og fagskolar blir digitale fram til 18. januar. 
  • Alle vidaregåande skolar og ungdomsskoler går over til raudt nivå. 
  • Det vert ikkje gitt nasjonale føringr for nedstengning av folkehøgskolane eller bibelskolane. Folkehøgskolane følger anbefalingar og retningsliner frå lokale helsestyresmakter. 

Arbeidsplassar

Heimekontor for alle som har moglegheit til det.  

Butikkar

Alle kjøpesentre og butikkar bør innføre antallavgrensingar slik at det er mogleg å halde avstand, samt ha adgangskontroll. Regjeringa  vil i løpet av dei næraste dagane vurdere om det skal forskriftsfestast antallavgrensingar og adgangskontroll. 

Idrett

  • Utandørs aktivitetar kan gjennomførast dersom det er mogleg å halde god avstand.
  • Toppidretten og kulturutøvarar som har eit særskilt unnatak med eigen regulering, omfattast ikkje.

Reglar for heile landet

Private samankomstar og arrangement

  • Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eiget hjem, som for eksempel ein bursdag i eit leigd lokale. Dersom man er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle i husstanden møtast. 
    Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar og liknande. Likevel 200 personar der alle i publikum sit i fastmonterte seter. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmontert. 
  • Dei fleste av desse arrangementa vil uansett ikkje vere i tråd med nasjonale anbefalingar, og bør difor utsettast  eller avlysast.

Uteliv og serveringsstader

Det vert innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangementer. 

Kyrkjevandring

Dei særlige reglane for kyrkjevandringar vert oppheva straks, i staden for frå 15. januar.

Nye tiltak i kommunar og regionar med mykje smitte

Regjeringa legg til fleire tiltak som kommunar og regionar med stort smittetrykk bør vurdere å innføre: 

  • om barneskolar og barnehagar skal følgje rettleiiaren for "raudt nivå".
  • påbod om bruk av munnbind på offentleg stad der det ikkje er mogleg å halde avstand på minimum ein meter.
  • påbod om heimekontor i den grad det er mogleg.
  • påbod om stengning av drifta ved treningssentre, bingo -og svømmehallar.

Sjå video frå pressekonferansen til regjeringa 3. januar

Last ned appen Smittestopp

Alle innbyggarar blir oppmoda til å laste ned appen Smittestopp. 

Til toppen