Siste nytt

Regjeringa føreslår at gamle Haram blir ny kommune

Kart-illustrasjon - Klikk for stort bileteKart over Ålesund kommune. Kommunedelen Haram er markert med grøn farge.  Tysdag 3. mai blei det kjent at regjeringa vil fremje forslag for Stortinget om at Ålesund kommune skal delast, og at gamle Haram kommune blir eigen kommune. 

Kommunestyret i Ålesund vedtok 17. mars å søke om å dele kommunen. Søknaden går på ei deling der deler av tidlegare Haram kommune blir etablert som ein eigen kommune, mens områda Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytastranda blir att i Ålesund kommune.

Til Stortinget før sommaren

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik la i dag fram på ein pressekonferanse at regjeringa ikkje ønsker denne delinga som det er søkt om. Dermed er det foreslått at det er heile gamle Haram kommune som skal bli ny eigen kommune. 

Regjeringa vil sende over ei sak til Stortinget og den skal opp før sommaren.  Sjå pressemelding på regjeringa.no 
 

Til toppen