Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona er 70 16 40 60. Opningstider i påska er onsdag 8.8 kl. 08.30-12.00, langfredag kl. 09.30-15.30, 1. påskedag kl. 09.30-15.30. Frå tysdag 14. april blir opningstidene frå kl. 08.30-15.30.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

NAV Ålesund og naudhjelp

Siste nytt

Raskare tilbakemelding på byggesaker

Illustrasjonsfoto: Hus på Nørvøya - Klikk for stort bildeIllustrasjonsfoto: Hus på Nørvøya Ålesund kommune Har du sendt søknad om byggeløyve til Ålesund kommune? Ei fast gruppe samansett av  byggesaksbehandlarar går no gjennom innkomne søknader to gongar i veka for å sikre lik saksbehandling.

  • Søknader med behandlingsfrist på 3 veker. Her vil du ikkje få eige brev før vedtak. Unntak frå dette kan vere om søknaden manglar informasjon vi treng for å behandle den. Slike saker blir sendt vidare til saksbehandlar. Saksbehandlarar i Brattvåg dekkjer saker frå gamle Skodje, Haram og Sandøy, medan saksbehandlarar i Ålesund dekkjer inntil vidare saker frå gamle Ørskog, i tillegg til saker frå gamle Ålesund.
     
  • Søknader med behandlingsfrist på 12 veker: Her skal du få eit førebels svar i løpet av ei til to veker. Dersom ein søknad har manglar sender vi ut eit brev med informasjon om kva som skal til for at søknaden skal bli komplett – dvs dekke minstekrav for slike søknader, jmf Byggesaksforskrifta § 5-4.


Formålet med denne mottakskontrollen er at alle skal få lik tilbakemelding ut frå kva type sak det handlar om, og at denne skal kome så raskt som råd. Lik saksbehandling og god dialog er målet.
 

Til toppen