Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Rår mot bading på Prinsen

Kommuneoverlegen og dei ansvarlege for vatn og avløp ber no folk om å ikkje bade på badeplassen Prinsen. Mann i båt holder flaske med badevann - Klikk for stort bilete 

Etter funn av bakterie i ein prøve av badevatnet har Ålesund kommune gjennomført lekkasjesøk i området. Ein lekkasje på ein av sjøleidningane blei då oppdaga.

- Leidningen vil bli utbetra i løpet av denne veka. I tillegg vil det bli jobba med senking av ein annan sjøleidning i området som ikkje har lekkasje, seier David Mertsching som er overingeniør.

Kommunen vil gå ut med informasjon når badeplassen kan friskmeldast.

Har gjennom sommaren hatt ustabilt bakterienivå

Fleire målingar er blitt gjort i sommar og tidlegare har kommunen meldt at folk må ta omsyn til dette.

Du finn informasjon om kvaliteten på badevatnet i kommunen på kommunens heimeside.

Til toppen