For fem av områda med viktig natur er det vurdert å få ubetydeleg endring. Tre av områda kan bli «ubetydeleg til noko forringa», men ikkje så mykje at biologane meiner det trengst avbøtande tiltak.
Rådgivende Biologer har vurdert vanleg førekommande marint naturmangfald, det dei kallar «kvardagsnatur i influensområdet», i tillegg til tareskogar og korallskogar i området. Biologane seier både større tareskogførekomstar og korallførekomstar er sårbare for påverknad av organisk tilførsel, men peiker på at målingane som har blitt gjort av straum og berekna spreiing av utsleppsvatn og tilførsel tilseier svært fortynna utsleppsvatn. Konklusjonen til fagpersonane er difor at det i liten grad er negative verknader for marint naturmangfald og at det ikkje trengst avbøtande tiltak.
Kartlegging viser korallskogar med svært stor verdi i fjorden ved miljøanlegget som blir planlagt for Sula og Ålesund. Korallskogen kan bli påverka, men så lite at fagpersonar meiner det ikkje trengst avbøtande tiltak.
Når det gjeld sjølve anleggsfasen når ein skal legge avløpsleidninga, meiner Rådgivende Biologer at den vil ha ubetydeleg konsekvens.
Fjorden si bereevne
Biologane har også vurdert den samla belastninga for fjordsystemet. Dei har tatt med tilførsel frå reinseanlegg i området i tillegg til fleire oppdrettslokalitetar. Med eit nytt miljøanlegg i tillegg til eksisterande bidrag, vil det medføre ei auka samla belastning for økosystemet, men biologane meiner det er lite truleg at dette tiltaket vil overstige bereevna til resipienten - altså fjorden.
Prosjektleiar for «Blå – fjordar for framtida», Elin Nerem, seier rapporten frå Rådgivende Biologer (PDF, 7 MB) (PDF) er ein av fleire delrapportar som inngår i ei brei konsekvensutgreiing i samband med utarbeiding av reguleringsplan. Den andre veka i januar kom også ein delrapport om avløpsvatnet (PDF, 18 MB) frå det nye miljøanlegget for Sula og Ålesund som konkluderte med at verknaden av utsleppet i fjorden vil vere heilt ubetydeleg og at badevatnet blir meir enn godt eigna. Du kan lese meir om rapporten i saken Ubetydeleg verknad for fjorden.
Det er også bestilt delrapportar for arkeologi og luktspreiingsanalyse i tillegg til fleire undersøkingar som skal inngå i konsekvensanalysen til reguleringplanen. Det gjeld landskapsverknader, landbruk og naturressursar, friluftsinteresser, barn og unge, teknisk infrastruktur og ROS(risiko og sårbarheit)-analyse.
Prosjektleiar for Blå - fjordar for framtida, Elin Nerem - Sula og Ålesund må ha eit nytt miljøanlegg for at vi skal få reinare fjordsystem og lovleg handtering av avløpsvatn. No er vi i gang med å skaffe eit breidt og godt grunnlag for politikarane som skal vedta korleis vi skal gjere det, og rapporten om marint naturmangfald er ein del av dette, seier Nerem.
Det er venta at reguleringsplanen skal til politisk behandling i løpet av hausten 2021.